p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Det skjedde i de dager - lørdag 8. juni

Helga Hjetland: Den gode forteljaren

Det er viktig å kunne lære å leve saman. Det gjeld både i familiane og på skolen. Vi må byggje livet vårt på verdiar som skapar eit godt samfunn, sier Helga Hjetland.

Publisert 07.06.2002 12:55. Oppdatert 22.08.2002 10:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Det skapar assosiasjonar tilbake til mi eiga skoletid. Særleg minnest eg "lærarinda" mi når eg høyrer Jesus-forteljingane frå Bibelen. Eg kan enno - 45 år seinare - sjå henne klårt for meg, høyre stemma hennar og hugse kva ho hadde på seg.

Det seier leiaren i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland. Ho måtte derfor ha gjort eit utruleg godt inntrykk på elevane sine, lærar Anna, i kristendomstimane. Forteljingane har framleis ein stor verdi for meg, fordi dei har noko å seie meg og mi samtid!

I "Det skjedde i de dager" tar dei utgangspunkt i forteljinga om den rike unge mannen som kom til Jesus og spurde om kva han skulle gjere for å arve evig liv. Da konkluderte Jesus med at han måtte selje alt han hadde og gi det til dei fattige.

Det er litt rart at vi 2000 år etter Jesu tid må gå på kurs for å lære å fortelje. Det kunne nemleg Jesus! Det er også ein kunst i dag å fortelje slik at elevane sit med opne øyre og sinn, seier Hjetland.

Det er utfordrande å snakke til unge, og for meg ville det vore lettare å snakke til elevar på dei øvste trinna enn til dei minste barna, seier ho. For i forteljinga om den rike unge mannen tar Jesus på seg "refsarrolla" der han snakkar om dei negative sidene ved materialismen. Dette er ikkje så enkelt å forklare for dei aller minste.

Vi ser på unge menneske i skolen i dag - kor viktig det er å ha dei siste ting. Vi ser det på trendane og at det gjeld å vere moderne - både i klesvegen og måten å vere på.

Det er viktig å bry seg, seier Hjetland. Det er viktig å akte på dei evigvarande verdiane. Dei 10 boda er nyttig lærdom, men det aller viktigaste er kjærleiksbodet - å elske nesten sin som seg sjølv. Det omfattar å vise respekt for medmenneske og vere tolerante. Det er verdiar som er grunnleggjande og som opplæringslova trekkjer fram, seier ho.

Vi lever i eit fleirkulturelt og eit fleirreligiøst samfunn, og vi har fått eit nytt fag i skolen som ikkje lenger heiter "kristendom", men "kristendom, religion og livssynsfag". Det er eit kunnskapsfag som skal gi tilnærming til dei ulike former for tru.

Her er det meininga å bruke forteljingane både frå Bibelen og til dømes Koranen. Vi vil finne dei felles verdiane som ligg i dei 10 boda og som har grunnleggjande betydning for samfunnet.

Vi skal tenkje på at alle er like mykje verd og respektere haldningar hos kvarandre. Det er ei viktig utdanning for dei neste generasjonane. Elles blir vi berre egoistar som er oss sjølve nok, seier Hjetland. Det vil vi ikkje ha!

Vi må ikkje bli så opptekne av det materiellet, at vi gløymer dei verdiane vi byggjer livet på. Vi ser det når vi møter menneske som har lite. Dei deler det dei har. Det sa Jesus også, at dei som har lite, har det enklast.

Vi skal ikke samle oss skattar på jorda. Folk er opptekne av bilar, hytter eller ferie langt vekk.

Det er viktig å kunne lære å leve saman. Det gjeld både i familiane og på skolen. Vi må byggje livet vårt på verdiar som skapar eit godt samfunn, sier Helga Hjeltland.

Teksten er skriven av Helge Helgheim.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no