p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK torsdag 24. januar

I Guds hender

Eg skulle gjerne funne ei oppklarande og god løysing du kunne ta med deg ut i dagen din, men vi får heller vere saman om å ikkje forstå dette og så legge både dagen og framtida i Guds hender, seier Ingeborg Overvoll.

Publisert 23.01.2002 15:29. Oppdatert 24.01.2002 17:38.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er henta frå Joh. openb. 14, 14-20.

Kvar religion har sine bilete på korleis livet og verda heng saman både fysisk og moralsk. Slike bilete tek utgangspunkt i dei livsvilkåra menneska har erfart og dei er danna gjennom århundrar – for ikkje å seie årtusnar.

Desse bileta er ofte dramatiske og det å få dei i ansiktet som profetiar om framtida kan vere ganske skræmande.

«Sving den kvasse sigden din og hausta
drueklasane i verdsens vingard,
for no er druene mogne.»

«...og kasta dei i den store vinpressa som er Guds vreide.»

Menneska har alltid hatt lyst til å sjå inn i framtida. Vi veit jo eigentleg ikkje kvifor vi er her på jorda. Meininga med livet kjem til oss berre i glimt og konkrete opplevingar og dét pirrar den nysjerrige og plagar den engstelige.

Eg trur det fins og har funnest menneske med spesielle evner til å sjå og forstå tida og framtida. Der har alltid vore nokre som har funne snarvegar til kunnskap. I den seinare historia er dessutan tid blitt eit fenomen som óg vitenskapen byrjar å sjå fleire sider ved.

Absolutte grenser er ikkje så absolutte lenger, og eg synest i grunnen det er befriande. Til meir kunnskap vi får, til meir ser vi jo kor lite vi eigentleg veit. I alle fall gjeld det for kloke menneske.

Dei gamle Bibelske profetiane om endetida er eit mysterium - også for dei lærde. Her gjeld nok den same regelen: til meir ein veit om desse skriftene til mindre kan ein slutte av dei. Men ein må grunne på kvifor dei oppstod.

Ligg der viktige sanningar gøymt i desse bileta eller er dei eigentleg sterke uttrykk for håp og frykt innfor ei ukjend framtid? Fins der kanskje mønster i historia, som gjentek seg og som vi kan lære av? Kor mykje av Guds stemme kan finnast i dette materialet?

Jesus brukte også ein del av dei same dramatiske bilde når han snakka om framtida. Det er ikkje i dei avsnitta ein kan hente mest håp og trøst. Det er underlege bilde og det er vanskeleg å få dei til å henge saman med mykje av det han elles sa.

Eg skulle gjerne funne ei oppklarande og god løysing du kunne ta med deg ut i dagen din, men vi får heller vere saman om å ikkje forstå dette og så legge både dagen og framtida i Guds hender. Det er gode hender.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no