p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK tirsdag 22. januar

Rikdom og samvit

Eg trur ikkje det er så mange som virkeleg dyrkar pengar og rikdom som om det skulle vere ein Gud. Men eg trur vi må vere oppmerksome på at vi menneske har hatt lett for å rote med kva som er viktig og ikkje, seier Ingeborg Overvoll.

Publisert 21.01.2002 18:10. Oppdatert 24.01.2002 17:36.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er henta frå Lukas 16, 1-13.

Det var to ting Jesus advarte spesielt sterkt mot. Det eine var pengar. Det andre var prestar. To farlege fenomen. Det er litt urettferdig å gjere eit poeng ut av dette og hadde eg ikkje vore prest sjølv, så hadde eg vel ikkje turt.

Men eg har faktisk grubla ein del over det og eg trur eg har kome til ei slags forståing av kva som gjorde at nettopp desse to kom slik ut.

Både pengar og prestar var jo i utgangspunktet positive ting - eller i alle fall verdinøytrale. Begge fungerte berre som eit slags praktisk mellomledd mellom den eigentlege verdien og det mennesket som trong den: For pengar kunne ein få mat.

For prestar fekk ein sjølvsagt ingenting, men dei stod på ein måte imellom menneska og Gud som ein slags formidlarar av nåde. Den rollen skal ein vere forsiktig med, for den rollen blir så fort eit mål i seg sjølv - akkurat som pengane blir det. Det var nok ikkje tilfeldig at det var akkurat desse to som fanga Jesus si oppmerksomheit.

Han la ikkje fingrane imellom når han skildra korleis pengar kunne få makt over menneska. Han sa faktisk at dei kunne ta Guds plass.

“De kan ikkje tene både Gud og Mammon.”

For mange av oss er den rikdomen vi forvaltar berre gjennom det å leve i Norge, eit evig lite mareritt for samvitet. Vi er tindrande klar over at ressursane er urettferdig fordelt, men verdsøkonomien er ein einaste stor floke og vi sit midt inni den.

Dette kan av og til virkeleg gi meg ei kjensle av å vere “fanga”. For sjølv om ein ikkje er spesielt oppteken av materielle verdiar så blir vi styrt i ei retning der dei rike blir rikare og dei fattige blir endå fattigare.

Eg trur ikkje det er så mange som virkeleg dyrkar pengar og rikdom som om det skulle vere ein Gud. Men eg trur vi må vere oppmerksome på at vi menneske har hatt lett for å rote med kva som er viktig og ikkje.

Då er det fort sånne mellomledd som pengar og prestar som får for stor eigenverdi og det kan vere fatalt nok det for den som virkeleg treng mat og nåde.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no