OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Beheim Karlsen-saka | Oppdatert 10.10.2001 17:05 |
| Meiner sonen ikkje er rasist Publisert 28.05.2001 13:43 Tor Erling Staff starta i dag sin vitneførsel. Han skal prøve å skape eit anna bilde av den hovudtiltalte enn det aktor, førstestatsadvokat Jan Hoel, gjorde i førre veke. Hovudtiltalte er tiltalt for vald og truslar mot Arve Beheim Karlsen, og for rasisme. Sist veke høyrde vi fleire vitne fortelje at tiltalte brukte rasistiske uttrykk om og mot avdøde Arve Beheim Karlsen. Men i retten i dag fekk vi eit heilt anna inntrykk. Oppsøkte mor si etter midnattMora forklarar seg i retten i Sogndal i dag. Ho er eit viktig vitne for forsvaret, og ho har fortalt om hovudtiltalte sin barndom.Ho seier hovudtiltalte ikkje har vist rasistiske haldningar i familiedebattar eller i andre situasjonar. Ho beskriv sonen som ein gut som blei tidleg moden, og som var ivrig etter å prøve ut nye grenser. Den hovudtiltalte i Beheim Karlsen-saka oppsøkte mor si ein halv time etter midnatt den natta Arve forsvann. Ho seier det ikkje var noko påfallande ved oppførselen hans. Trur ikkje nevøen er rasistOgså tanta til den hovudtiltalte har forklart seg i retten i dag.- Eg kan ikkje sjå nokon rasist i nevøen min, sa ho. Tanta har adoptert to born frå Afrika og gav eit svært positivt inntrykk av hovudtiltalte. Ho og mannen har to adopterte born på ni og ti år frå Afrika. Dei har brukt den hovudtiltalte som barnevakt. - Han er til å stole på og borna våre er veldig glade i han, sa tanta, som er busett i Førde. Ho sa også at ho ikkje kan sjå nokon rasist i nevøen sin. - Det vi opplever no er stikk i strid med alt det vi står for, sa tanta i retten. Ho gav sin nevø utelukkande positive skussmål, og hadde aldri høyrt han uttrykke rasistiske haldningar eller valdelege tendensar. Aggressiv når han drikkOgså ein tidlegare kjæraste av hovudtiltalte vitna i dag, og ho fortalte om ein snill gut. Heller ikkje ho hadde oppfatta at ex-kjærasten hadde rasistiske oppfatningar.Men heilt til slutt i sin forklaring sa ho; - Han er snill, men når han drikk blir han aggressiv. |
|
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 03.01.2009 03:57 |