| | Ei sterk mor Publisert 16.05.2001 15:11 - Oppdatert 30.05.2001 09:23 Kari Beheim Karlsen har kjempa ustanseleg etter at sonen omkom i Sogndalselva. Fleire gongar har ho bede om at etterforskinga vart teken opp att, og at tiltalen mot dei to skulle bli strengare.
"Det er no to år sidan me mista Arve, to år med sorg, sakn og skuldkjensle for at eg ikkje greidde å hjelpa Arve mot dei som gjorde livet hans vanskeleg."
Slik ordla Kari Beheim Karlsen seg i eit ope brev til Høgsteretts Kjæremålsutval då forsvarar Tor Erling Staff ved fleire høve ville flytte rettssaka frå Sogndal og få sorenskrivar Steinar Velle kjend ugild. Beheim Karlsen følte at det som skjedde med sonen vart stadig meir underordna i saka, medan rettsapparatet vurderte bagatellar.
Då dei to ikkje vart drapstiltalte klaga mora både til statsadvokaten og til riksadvokaten på det. I frykt for at rettssaka ikkje skulle avdekke kva som verkeleg hadde skjedd med sonen bad ho til sist påtalemakta om å stogge heile saka.
Også ein rasismetiltale har Kari Beheim Karlsen jobba hardt for å få gjennom. Fleire gongar klaga familien til statsadvokaten og riksadvokaten, og i vinter fekk dei altså gjennomslag for dette.
"Det som skjer no er for oss endå eit bevis på det sterke rettsvernet dei kriminelle har i forhold til offeret, som nesten ikkje har noko rettsvern," skreiv Beheim Karlsen i brevet til Høgsteretts Kjæremålsutval. Saman med bistandsadvokat Gunnar Solbraa, som ho også måtte kjempe for å få oppnemnt, har Kari Beheim Karlsen i alle fall klart å gje offeret og dei pårørande eit ansikt.
| |
Seint fredag 23. april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte "drep han" "drep denne negeren". Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funnen drukna i Sogndalselva.
|
|