OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner Beheim Karlsen-saka

Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Beheim Karlsen-saka

Oppdatert 10.10.2001 17:05

NYHENDE

ANDRE LENKER

Venstrebanner orderudarkiv
 

Beheim Karlsen-tragedien

Publisert 16.05.2001 15:17 - Oppdatert 18.05.2001 18:48

Seint fredag 23. april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte "drep han" "drep denne negeren". Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funne drukna i Sogndalselva. No startar rettsaka.

Lyd og video-ikon nytt
  • video video Høyr bakgrunnsprogram om Arve Beheim Karlsen-saka [Real]  


  • av Vidar Vie
    Arve Beheim Karlsen vart eit symbol på kva mobbing og rasisme kan føre til. Han gav opp skulegangen på Øyrane vidaregåande skule på grunn av mobbing, og dette forfulgte han også i heimekommunen Luster og den natta han drukna.

    På alle dei vidaregåande skulane over heile landet vart det halde eit minutt stille den dagen gravferda var. I Sogn og Fjordane vart det sett i gang eit eige mobbeprosjekt då det kom fram kva han hadde opplevd. Men berre ei handfull personar visste kva han hadde opplevd før 17-åringen vart meld sakna om morgonen måndag den 26. april.

    Då kom det fram at han over lenger tid hadde følt seg truga av ein gjeng frå Sunnfjord. To i denne ungdomsgjengen hadde blitt observert klokka 23.30 fredagen før, då dei sprang etter Beheim Karlsen og ropte rasistiske uttrykk etter han. Dei vart tekne inn til avhøyr søndagen, og lensmannen i Sogndal, Arne Johannessen, frykta at det hadde skjedd noko kriminelt med 17-åringen frå Luster.

    Måndag føremiddag vart han funnen død i Sogndalselva av dykkarar, og dagen etter vart det konstatert at han hadde drukna. På onsdagen vart det kjent at dei to ungdommane var sikta for forsetteleg drap, og dei vart henta heime av politiet. Advokaten til den eine av dei to, Anders Folkman, sa klienten var sjokkert over den alvorlege siktinga. Politiet meinte på dette tidspunktet at dei to hadde skubba eller skremt han i elva. Seinare vart denne siktinga lagt vekk, og heller ikkje krav frå dei pårørande om at det måtte takast ut tiltale om drap førte til at det skjedde.

    Les meir om tiltalen her: Tiltalen

    Samtidig som politiet held fram med sin jobb førte historia til Arve Beheim Karlsen altså til at mobbing og rasisme kom stadig sterkare på dagsorden. SOS Rasisme, Antirasistisk Senter og fleire politiske ungdomsorganisasjonar markerte dødsfallet framfor Stortinget dagen etter at han vart funnen drukna. Det vart oppretta eit eige minnefond som skulle gje tilskot til tiltak mot rasisme og vald, og fylkesdirektøren for undervisning, Reidar Sandal, sette i gang ein full gjennomgang av mobbeproblematikken. Kort tid etter dødsfallet kom det fram at Øyrane vidaregåande skule hadde lagt lok på mobbesaka der. Då han slutta ved skulen hadde han bede om at skulen ikkje lot mobbinga kome ut - av frykt for represaliar. Ein av dei to sikta var elev ved den same skulen. Også statsministeren og fleire andre sentrale politikarar tok opp saka som døme på kva rasisme kunne føre til.



    SE OGSÅ:
  • Tiltalen Les meir om tiltalen her.



  • Beheim Karlsen-saka
    2730 på "Saman skal vi leve" (08.11.2005)
    Teaterstykke vekkjer reaksjonar (02.02.2005)
    Ny etterforsking av Beheim Karlsen-saka  (16.05.2002)
    Pris til Kari Beheim Karlsen (22.04.2002)
    Opnar for ny sak (19.12.2001)
    Ønskjer ny ankebehandling (11.10.2001)
    Misnøgd med avgjerda til lagmannsretten (03.10.2001)
    Ankane avviste  (03.10.2001)
    Mobilforbod på Hydro (10.07.2001)
    Også statsadvokaten ankar (27.06.2001)
    Anke i Beheim Karlsen-saka (27.06.2001)
    Solbraa ber om ny etterforskning (13.06.2001)
    Velle refsar politiet (13.06.2001)
    Eitt og tre års fengsel (12.06.2001)
    - Ei bjørneteneste (01.06.2001)
    Dommar pressa aktor (31.05.2001)
    -Arve ikkje redd min klient (31.05.2001)
    -Etterforskinga eit skrekkeksempel (31.05.2001)
    Krev to og tre års fengsel (31.05.2001)
    - Grensar mot aktlaust drap (31.05.2001)
    - Sa Arve var "ein helvetes svarting" (30.05.2001)
    Følte skulen ville bli kvitt Arve (30.05.2001)
    Johannessen må vitne (30.05.2001)
    Vitne med privat rekonstruksjon (29.05.2001)
    Såg tre springe under brua (29.05.2001)
    Iskaldt møte i retten (29.05.2001)
    Fann to blodspor (29.05.2001)
    Meiner sonen ikkje er rasist (28.05.2001)
    Oppsøkte mora like over midnatt (28.05.2001)
    Trur ikkje nevøen er rasist (28.05.2001)
    100 000 på minnefondet (28.05.2001)
    Vart ikkje avhøyrt (25.05.2001)
    Rysta over kritikk frå Staff (25.05.2001)
    Staff kraftig provosert på Kari Beheim Karlsen (23.05.2001)
    -Kalla meg nigger og svarting (23.05.2001)
    -Såg meg i augo og skalla til meg (23.05.2001)
    –'Drep den vesle negeren' (23.05.2001)
    Staff irritert på vitne (23.05.2001)
    - Ropte "drep han" (23.05.2001)
    Såg alt, vitnar i dag (23.05.2001)
    Rasistiske utsegner (22.05.2001)
    Ville banke opp Arve (22.05.2001)
    Så Arve løpe under brua (22.05.2001)
    Laug for politiet (22.05.2001)
    - Hadde knapt møtt Arve før dødskvelden (22.05.2001)
    Forklarar seg i dag (22.05.2001)
    -Eg såg ikkje Arve igjen (21.05.2001)
    Avviser vald mot Arve (21.05.2001)
    Prinsippsak om rasisme (21.05.2001)
    Ei prinsippsak for rasismeparagrafen (21.05.2001)
    Nekta straffeskuld (21.05.2001)
    I følgje med Kine Hellebust (21.05.2001)
    Omstridd rasismetiltale (16.05.2001)
    Ei sterk mor (16.05.2001)
    Tiltalen (16.05.2001)
    Etterforskinga avslutta (08.02.2001)
    Åtvarer mot lynsjestemning (01.02.2001)
    -Håpar på rasisme-tiltale (01.02.2001)
    Ikkje rasismetiltale for naustedøl (15.01.2001)
    Arve-saka ferdig etterforska (08.01.2001)
    Ny etterforsking i Beheim Karlsen-saka (15.09.2000)
    Klagar på tiltalen i Beheim Karlsen-saka (23.08.2000)
    Utlovar dusør i Beheim Karlsen saka (08.07.2000)


     
     
    SØK

    Beheim Karlsen-saka
    Rasisme i trivselsfylket - banner
    Baneheia 140
    1000 kr for beste tips
    BEHEIM KARLSEN-SAKA
    Seint fredag 23. april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte "drep han" "drep denne negeren".
    Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funnen drukna i Sogndalselva.

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 03:38