Toppvolleyballsatsinga på Sauda Vidaregåande skule si avdeling i Suldal manglar 1,2 millionar kroner for å få budsjettet til å gå i balanse. No får skulen ekstra pengar frå fylket.
Av:
Anett Johansen
Ei årsak til pengeproblema er at ikkje alle fylka vil betala for gjesteelevplassane sine. Fylkesrådmannen vil fortsatt ha skuletilbodet og vil derfor gje til saman 2,8 millionar kroner i ekstra tilskot og refusjon i år.
I tillegg vert underskotet for i fjor på 400 000 kroner dekka inn.
Over 80 ungdommar har søkt volleyballskulen til neste skuleår.