Sandvolleyballparet Tarjei Skarlund og Jarle Huseby er berre ein siger i frå å kvalifisera seg til hovedturneringa i verdsserien i sandvolleyball i Stavanger.
Publisert 03.07.2003 09:50.
Tarjei Skarlund frå Sandnes og Jarle Huseby frå Askim tok sin tredje strake siger i går ettermiddag då dei vann 2-0 over det canadiske paret Josh Binstock og Brian John Hiebert.
Skarlund/Huseby er einaste norske par som heng med i kvalifiseringa. Dei spelar i dag mot amerikanerane Dain Blanton og Jeff Nygaard.