Gunn-Rita Dahle er usikker på om ho skal vera med i VM i landevegsritt i Belgia om ein månad.
Etter VM-gullet i terrengsykling har det blitt mykje styr og lite søvn for Gunn-Rita Dahle.
Familie, vener, sponsorar og arbeidsgjevar vil alle ha sin del etter gulløpet i Kaprun forrige helg.
I går avslutta ho verdscupsesongen med ein sjuandeplass.
Dahle tek avgjerda om VM-deltaking etter eit landevegsritt om ei drøy veke.