Cupeventyret over for RaufossRaufoss tapte straffesparkkonkurransa om vidare avensement i norgesmeisterskapen i fotball. Bryne sette inn ei straffe meir enn det Raufoss klarte. Publisert 27.06.2002 06:22. Raufoss rauk ut i 3. runde i norgesmeisterskapen i fotball etter å ha tapt på 3-4 på straffesparkkonkurranse i ein dramatisk kamp mot Bryne.
Toten-lagets Christian Johnsen missa på siste straffe, medan Brynes Roger Nilsen sette sigersballen bak Raufoss-keeper Kim Deinoff.
Skuffelsen var stor i Raufoss-leiren etter tapet, men likevel gleder trenar Dag Opjordsmoen seg over at Raufoss er i ferd med å få eit mannskap som held elitedivisjonsnivå.
I den ordinære kampen skåra Christian Johnsen og Marino Rahmberg for Raufoss. Berre 552 tilskodarar var på Raufoss stadion.
FF Lillehammer vantI 2. divisjon vann Fåberg Fotball Lillehammer 4-1 i ein omkamp mot Follo i går kveld. Omkampen vart spelt grunna ei dommertabbe i den fyste kampen mellom laga.
Resultatet betyr at Fåberg Fotball Lillehammer klatrer opp til trefje plass på tabellen.
|