skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Sjokoladekake med eggelikør

Sjeldan har radioprogrammet "Mat med Mindor" hatt så begeistra innringarar som når vi snakkar om sjokolade. Lytt og les oppskrifter!


Av Odd Sørås. Publisert 05.10.2004 11:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video



Her er oppskriftene frå "Mat med Mindor" 29. september. Men vil du ha med andre innringingstema og Mindor Klausets kommentarar, må du høyre programmet. Bruk lydlenkja ovanfor!


Denne oppskrifta fekk vi frå Anne Haukås i Julsundet:

Annes dessertkake

Pisk 3 eggekvitar stive
Tilset 1 dl sukker - pisk meir
Bland varsamt i 2 dl kokosmasse, ikkje for mykje slik at blandinga blir tørr!
Bland varsamt i 1/2 plate mørk kokesjokolade (riven eller køyrd i food processor)

Steik i rund kakeform 22-24 cm ca. 1/2 time i 180 grader.

Legg kaka direkte på fat og kjøl ho ned. Pisk krem av 2 dl fløyte og 1 ss sukker. Bland resten av sjokoladeplata i kremen.

Anne serverer alltid frukt attåt: frisk frukt, sukra rips, rørt bringebær osv.

********

Hildegunn Sperre frå Langevågen vil dele denne søte nytinga med oss:

Hildegunns mørke sjokoladekake

50 g mørk kokesjokolade
50 g bakekakao
150 g farin
4 dl lettmjølk

Kok alt dette opp til ein saus og avkjøl.

Rør kvitt
250 g margarin
225 g farin
og rør i
4 store egg, eitt om gongen

Bland saman
450 g kveitemjøl
1 ss vaniljesukker
4 ts bakepulver

og ha det i smørblandinga saman med sjokoladesausen.

Steik kaka i skuffeform - 30-40 cm - ved 170 grader i ca. 45 minutt.

Glasur:
150 g mørk kokesjokolade
1 ts kaffipulver
50 g margarin
1/2 dl lettmjølk
2, 5 dl melis
1 stor ts vaniljesukker

Smelt sjokoladen i margarinen. Tilset kaffipulver og mjølk, avkjøl litt. Ha i melis og vaniljesukker. Smør dette på kaka når ho er litt avkjølt.

Når kaka skal serverast, brukar Hildegunn å varme ho litt i omnen; ikkje så mykje at glasuren smeltar, men slik at han blir litt blank. Kaka kan pyntast med Non-Stop eller det du elles måtte finne på. Så kan du skjere kaka i pene stykke, leggje dei på asjett og servere dei med god vaniljeis, hermetiske pærer, bringebær og/eller jordbær. Dessutan vispa fløyte, pynta med kaffisirup* med sjokoladesmak oppå kremen.

*Kaffisirup: blir brukt som smakstilsetning i kaffi. Du får kjøpt kaffisirup i spesialforretningar og i somme daglegvarebutikkar.

********

Frå Reidun Sawusch på Frei har vi fått denne tyske oppskrifta på ei sjokoladekake som kanskje ikkje passar i barneselskap...

Reiduns sjokoladekake med eggelikør

80 g margarin
80 g sukker
2 ts vaniljesukker
5 eggeplommer
200 g malne mandlar
1 ts bakepulver
100 g raspa mørk sjokolade
1 ss konjakk
1 ss rom

Rør sukker og margarin kvitt, bland i vaniljesukker. Rør i ei eggeplomme om gongen. Så blandar du i mandlar, bakepulver, sjokolade, konjakk og rom.

Så stivpiskar du eggekvitene og blandar dei varsamt i røra.

Steik kakerøra på nedste hylla i omnen i ei 24 cm form. 150 grader i ca. 1 time.

Glasur:
1/4 dl kremfløyte
1 ts sukker
Gelatin

Oppå kremen skal det vere eit lag med eggelikør. Derfor må kremen vere mykje fastare enn vanleg, og det kan vi få til ved å piske inn gelatinpulver. Det får du kjøpt på apoteket eller i somme daglegvareforretningar.

Eggelikøren set du i kjøleskapet eit par dagar på førehand så han blir så tjukk som råd. Bruk ei skei og brei han utover heile kremoverflata. La kaka stå i kjøleskapet til neste dag.

********

I skrivande stund er det lenge til jul, men tida går fort, så her er adventskaka til Jorid Rørhus i Tresfjorden - lettvint og smellandes god, seier Jorid!

Jorids adventskake

200 g smelta margarin
125 g kveitemjøl
125 g potetmjøl
1 ts bakepulver
200 g sukker
4 egg
100 g malne mandlar
60 g riven sjokolade
1 ts vaniljesukker

Bland alt saman, ha røra i form og steik ved 170 grader i ein time. Avkjøl, del kaka i to og ha stivpiska krem inni og oppå. Dryss med riven sjokolade og hakka mandlar.

Så kan du sette adventslysa på kaka - dvs. du må nok bake ei ny kake for kvart nytt lys!


 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no