|
Torild Øvrelid (Foto: Gorm Kallestad/ Scanpix) |
Torild Øvrelid er journalist. Ho er programleiar for distriktsradioens formiddagssendingar og produsent for morgonprogrammet. I tillegg er ho reporter. Ho har arbeidt i NRK Møre og Romsdal sidan 1985. Tidlegare var Torild Øvrelid lærar i Ålesund, Molde og Volda. Ho har også vore frilans filmmeldar i Sunnmørsposten.
Torild Øvrelid er cand. mag. med lærarskule og medieutdanning i Volda bak seg. I tillegg har ho ved høgskulane i Volda og Molde studert tysk, historie og statsvitskap, ved Universitetet i Bergen vietnamesisk.
Torild Øvrelid er frå Volda.