Tore Ellingseter er journalist. Han er ein av dei faste programleiarane for NRK Møre og Romsdals daglege tv-sendingar, men arbeider også som reporter.
Tore Ellingseter er cand.mag. med eksamenar frå høgskulane i Molde og Volda, og frå Universitetet i Oslo. Fagkrinsen er statsvitskap, journalistikk, offentleg rett og kommunalrett.
Ellingseter jobba i NRK Møre og Romsdal alt i studietida. Han har lokalavispraksis frå Bygdebladet i Ørskog og elles presserøynsle som journalist i Romsdals Budstikke, VG og TV Romsdal. Etter fleire år som tv-medarbeidar i NRK Sør-Trøndelag, kom han til distriktskontoret i Ålesund i 1999.
Tore Ellingseter er frå Vestnes.