skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Sidevegs i tareskogen

På den vèrharde Romsdalskysten lever taskekrabben sitt spennande liv i tareskogen.
Eit lokalt TV-team har fulgt marinbiolog Astrid Woll frå Midsund i jakta hennar på taskekrabben og tirsdag kan du sjå filmen i Ut i naturen.

Publisert 24.03.2003 17:02. Oppdatert 24.03.2003 22:05.
Marinbiolog Astrid Woll har forska på taskekrabber i 25 år.
foto: Svein-Olav Halkjelsvik.


Taskekrabben er det berre dei færraste av oss som får møte. Vi kjenner han mest som delikatesse på bordet. Tirsdag i programposten Ut i naturen i NRK1 kan du få oppleve taskekrabben i sjøen og fjøra på Otrøya, Ona, Gossa og Sandøya.

Fotografane Per Jarle Heggdalsvik og Svein-Olav Halkjelsvik, saman med reporter Ann Eli Nøsen, har fulgt midsundingen og marinbiologen Astrid Woll i programmet dei har kalla "Sidevegs i tareskogen".

I denne filmen får vi vere med heile krabbelivet frå egg blir til larve, og frå bitte små krabbar blir til vaksne skaldyr som vi kan fange.

Taskekrabben lever eit fasinerande liv i tareskogen
Foto: Astrid Woll.

Sjå teinefangsten

Ei teine som landar på sjøbotnen, gir spennande minutt når det forsiktige skaldyret nærmar seg og kanskje let seg lure av agnet. Vi er både inni og utanfor teina for å sjå kva som skjer når krabbane kjenner lukta av fisk. Den robuste taskekrabben er utruleg godt tilpassa dei tøffe tilhøva i tareskogen, der han må kile seg fast i bergsprekker når dønningane frå havet bryt seg innover skjæra. Men på vegen blir nesten alle etne opp. Berre eit par av dei 3 millionar egga som hoa klekker veks opp til vaksne dyr som kan gå i teina.

Krabbejakt i lys og mørke

Det er dette livet marinbiolog Astrid Woll vil finne ut av der ho til alle årstider svøm tett på det fascinerende skaldyret både dag og natt. Å leite rundt i svarte natta med lykt er både mystisk og spennende, for det er då taskekrabben er mest aktiv.

filmen om krabben er vi både over og under vatn.
Fot: Per Jarle Heggdalsvik

Tøft å vere krabbe

Det er tøffe forhold her ute med storm og straum, drag og dønningar. Derfor må taskekrabben finne bergsprekker der han kan spenne ut klørne og halde seg fast når havet herjar som verst.
Men starten av livet er godt beskytta. For når hoa har utrogn, står ho i skjul og passar på egga sine. Ho grev seg ned i sanden slik at egga er skjulte, og slik står ho i 7-8 månader utan å ta til seg mat.

Nyklekte larvar på 3-4 millimeter må drive fritt i sjøen i vekesvis før dei slår seg ned på botnen der dei kan finne skjul. Inne i rota til stortaren er det mange hulrom, og det er ein ypperleg plass for små taskekrabbar både for å gøyme seg og finne mat. For heile tida lever dei med trusselen om sjølve å bli etne opp. Særleg torsken tek grådig for seg av dei små.

For å finne muslingar og anna snadder grev taskekrabben ut djupe krater på sandbotn. Han luktar seg fram med å stikke gangbeina ned i sanden. Ellers et han det han kjem over, og dukkar det opp ein død fisk, blir det kamp om godbitane. Ein taskekrabbe som knuser og et blåskjel er eit imponerande syn. Når det er flo sjø og mørket sig på, kjem dei vaksne krabbane opp på bratte berg heilt opp mot vasssflata for å beite på kvit rur og små blåskjell. Men der kan dei sjølve bli eit lett bytte for måsen.
Når krabben har utrogn,
står han i skjul i 7-8 månader utan å ta til seg mat.
Foto : Astrid Woll



NRK1 tirsdag 25. mars
kl 19.30.
Ut i naturen: Sidevegs i tareskogen

Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no