OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

TV-reporterens vanskelege Kosovo-krig

Publisert 12.06.2001 11:04

Av: Sigrun Slapgard

Kosovopolje, mars 2000:
Kråkefuglane flaksar som dei alltid har gjort over Kosovopolje. Slettelandskapet som har spela ei nøkkelrolle i Kosovos historie er gråkvitt og eit lite lag med snø gjer krigsruinane enda meir skrikande. - Husa utan tak, forvridde bombemål, alle dei avmerka gravplassane på frossen mark. Det er kald vår i Kosovo; hatet mellom folkeslaga er følbart - piggtråd og KFOR-eskortering må til, sjølv for at små barn skal kunne gå på skole.

Det har gått eitt år sidan NATO starta bombinga, og det er snart eitt år sidan eg var i dette området for første gong: Krigsreporter med oppdrag for NRK Dagsrevyen, først i Makedonia, så i Albania. Balkan var ikkje mitt område, men krigar har eg dekka på fleire kontinent. Nå som alltid reiser krig og konflikt dei mest grunnleggande etiske problemstillingar for reporteren som står midt i ei rullerande konflikt. Og enda meir enn før er fjernsynsreporteren sjølv ein del av den krigen som blir ført. For første gong dekker eg ein krig der mitt eige land er krigførande part, gjennom NATO.

Objektiv reporter?
Kan reporteren i ein slik situasjon klare å opptre balansert og sakleg; er det mulig og ønskeleg å vere objektiv? Kva slags målsetting og ambisjon har eg for min eigen del når eg drar ut i felten? - Kvar dag er eg ute i ulendt terreng, ikkje berre reint fysisk, men formidlingsmessig. Det er eit terreng med sterke politiske og militære føringar, og det er eit terreng som også har sterke føringar frå dei som står for den humanitære innsatsen (hjelpe-og bistandapparat). Deadline er alltid faretruande nær, og rundt oss (fotograf og reporter) er det av og til femti konkurrerande fjernsynsteam - av og til tar vi beina fatt, spring rundt sperringar, kappløpet for dagens "story" er tøft; vi får kanskje ikkje telefonsamband når vi treng å kryssjekke opplysningar - vi ender av og til opp med ein reservasjon i form av konjunktiv, vel vitande om at slikt sjeldan når fram til den som ser...og mest av alt: Risikoen for å bli brukt som ein del av krigspropagandaen. Alt dette er dei ytre rammene når reporteren engasjerer seg for å fram eit så sant bilde som råd.

Første erkjenning er at objektivitet i ein slik situasjon nesten er uråd. Ein kan sjølvsagt håpe å lage "sanne" bitar til eit heilheitsbilde, men med så mange element som er utanfor kontroll og vanskeleg å sjekke, kjennest det først og fremst uoverkommeleg å innta ei objektiv rolle. Målet kan likevel vere at ein presentererer premisset for sin eigen versjon av det som er "sant", dvs. at reporter gjer greie for sin eigen ståstad, vanskar med kjeldebruk, kor vidt ein er invitert med av militære interessentar eller andre. Så sant reporteren kan, bør ein la publikum få innsyn i kva slags rammer ein har for den "sanninga" som blir presentert.

Som eksempel: Etter eit par vekers bombing er flyktningesituasjonen i Makedonia overveldande. Vi, NRK-teamet, blir eksklusivt invitert med og får sitte i baksetet med William Walker, leiar av OSSE. Vel vitande om at det er ønsket om god PR i beste sendetid som er årsaka til invitasjonen, prøver vi 1)å gjere dette klart i reportasjen og 2)konfrontere Walker med kritiske spørsmål om situasjonen og OSSEs spesielle ansvar for all denne menneskeleg ulykke. Trass i at reportasjen blir sett i denne ramma, spør eg meg likevel om det ikkje er det jublande bildet av Walker med ein liten guttunge som viser V-teiknet (i.e. UCK) som blir ståanda - det er kanskje dette enkle symbolbildet som blir hugsa, og som igjen blir tolka til 1)Vesten (i.e. OSSE) står last og brast med kosovoalbanske flyktningar 2)seieren (UCKs) blir sikra av Vestens innsats (dvs. NATOs bombing).
- Trass i at vi stiller oss kritiske, risikerer vi altså likevel å bli ein del av "krigspropagandaen"...

Men heime i utanriksredaksjonen er diskusjonen alltid på plass før kvar sending: NATO-talsmann Jamie Shea bli møtt med kritiske blikk; denne gongen er det ingen automatikk i å bruke militære karakteristikkar som "kirurgisk presisjon" osv. som vi skamma oss over etter Golf-krigen. Tvert imot blir ordet "propaganda" ofte brukt - også om serbisk fjernsyn som vi følgjer med på. Ei stor ulempe er det likevel at vi er utestengt frå Serbia; dette gir i seg sjølv ei slagside i kvaliteten på den informasjonen vi har tilgang på.

Objektivitetskravet har også ei side ved seg som ikkje alltid er ønskeleg, nemleg plikta det medfører til å framstille alle sider ved ei sak. Av og til gjer ein som reporter eit tydeleg val: Nemleg å framstille EI side eller EIN part. Det kan vere ulike årsaker til eit slikt val, det kan f.eks vere motivert ved at ein vil skape engasjement hos dei som skal ta imot (dvs. i dette tilfelle dei som sit i sofaen og ser verda flimra forbi). Men målet er å få fram eit stykke sanning, slik sanninga er opplevd av den/dei som er med i reportasjen - for i neste omgang å få den/dei som ser på til å bry seg om det som skjer. Konkret: Eg vil gjerne at folk heime skal bry seg om vesle Sonia på fem år og gir åpen mikrofon til bestefaren og den vesle jenta. Eit strengt objektivitetskrav ville kanskje ha hindra meg i å sende historia heim utan nærmare sjekking og presentasjon.

På den andre sida: det var vanskeleg å skape seg fullstendig oversikt over det som foregikk - og "sant" er ikkje alltid heile sanninga. Som eit eksempel å tygge på er også prisvinnarbildet (VG) med den vesle guten under flukt med plakaten "Help". Ei tilsynelatande enkel historie å bringe vidare - ei historie som forsterka inntrykket av den "serbiske fienden" som driv etnisk utrensking. Presentert slik begrunnar historia NATOs aksjon - og gir ytterlegare argument for NATO-bombing. - La oss si at vi går inn i historia og problematiserer: Vi finn kanskje ut at guttungen kjem frå eit område som ikkje var særskilt utsett for serbiske angrep - kanskje vi finn ut at det var bomberegnet som tvang guttungen på flukt - kanskje vi finn ut at UCK nettopp i guttungens landsby hadde brukt dei sivile som levande skjold - kva veit vi?? Vi berre vidareformidlar eit lite stykke lausrive bilde frå eit komplisert drama - og motivet er å engasjere.

Dette illustrerer fleire viktige etiske dilemma:
- korleis vite at det du ser er det du TRUR du ser?
- kva blir konsekvensen av at vi utan vidare lagar stort oppslag av det?
- presset frå redaksjon krev som regel EI klar story - ikkje kompliserande element - korleis forhindre at du er med på å stadfeste eit ønska fiendebilde?

Eit anna eksempel frå tidleg stadium i konflikten: Racak og William Walker si rolle. Her er det ingen tvil om at det skjedde ein massakre. Bakgrunnen for denne massakren var verken klarlagt eller etterforska før Walker raskt karakteriserte den som krigsforbrytersk. Dette vart også truleg avgjerande for NATOs vilje til å aksjonere. Få journalistar - om nokon i det heile tatt - tok reservasjonar.

Nøytral eller engasjert?
Skal ein journalist kanskje helst halde seg nøytral, ikkje vise engasjement i forhold til dei konfliktene ein er sendt ut for å dekke? Så langt det er råd bør ein halde seg nøytral til krigførande parter, men igjen: Dette er nesten ikkje gjennomførbart når vi - som i Kosovo - kjem frå eit land som er deltakande i konflikten. Eit overordna prinsipp for meg er å forhalde seg kritisk til alle som er aktive med våpen i einkvar konflikt - krigsaktørane kan kanskje ha min sympati, men dei får ikkje mitt engasjement! Som reporter skal mitt engasjement vere hos dei som ufrivillig hamnar i konflikten. Og her er det grunn til å minne om at det er ein viktig skilnad på det å vere solidaritetsarbeider og journalist: Engasjementet hos ein journalist må nødvendigvis innebere at ein er kritisk til samtlege partar som er involverte i konflikten.

Så kan ein spørje seg om det finst rettferdige krigar og om dette er noko journalisten bør ta standpunkt til? Vårt felles referansepunkt her er ofte vår eigen motstandskamp under 2.verdskrig. Men "rettferdig krig" er eit vanskelege begrep som ofte flettar seg inn i suverenitetsdiskusjonen og ulike etniske grupperingar krav om sjølvstyre. Kosovo har vist oss at det er skilnad på å vere imot terrorisering og overgrep, og det å heilhjerta støtte eit folks krigføring for å overta all makt i eit område med tradisjon for etnisk samliv. For ein journalist kan Folkeretten vere eit nyttig utgangspunkt. Det kan synast åpenbart at vi som var i området måtte ha sympati for kosovoalbanarar som tok til våpen for å forsvare seg mot overgrep. Likevel hadde vi plikt på oss, slik eg ser det, til å forhalde oss like kritiske til måten UCK dreiv sin del av krigen på, som vi elles var til serbisk krigføring.


I ettertid kan vi spørje om vi stilte oss kritiske nok og særleg da i den første fasen: var media dominerande premissleverandør når NATO til slutt ikkje kunne la vere å bombe utan å miste truverde? Kor mye fokuserte vi på alternativa, og var vi kritiske nok til forhandlingsinnsatsen? Var vi kritiske nok til UCK - og den kompromisslause måten dei forheldt seg på? Vart det gjort nok for å skjøne rekkevidda av det som vart forfekta og som var grunnlaget for NATOs aksjon: At det internasjonale samfunnet skullle sørge for multietnisk samliv i Kosovo - og kva slags kostnad det ville kome til å ha? - Og fleire med meg har grunn til å spørje seg: Syns vi det var OK at UCK mobiliserte mindreårige i leirane? - Var vi med på å framstille UCK som våre heltemodige allierte med ein ryddig militær organisasjon? (og ikkje fullt så nøye med å framheve at visse UCK-kommandanter mest av alt var kafèløver i Kukes mens ungjenter drog til fronten og ofra livet...?) Som ansvarleg reporter visste ein jo godt at NATO ikkje ville bli oppfatta som luftvåpenet til UCK, men vi som var ved grensa kunne oppleve korleis UCK-aksjonane var merkeleg godt koordinerte med NATO-bombinga. Tilfeldig eller ikkje? - Vi måtte nøye oss med spørsmålet.

- Tilbake i Kosovo eitt år etter kan ein som kommentatoren i Newsweek si: Visst er det langt færre drap i Kosovo den siste tida, men så er da også svært få serbarar igjen å drepe...Ein lakonisk kommentar, men Kosovo reiser framleis fleire spørsmål enn svar.


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:25