OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

KRIMINALJOURNALISTIKK 5

Identifisering i kriminalsaker

Publisert 18.06.2001 07:27

Kva skal vege tyngst; vår rett til bli informert , eller retten til å vere anonym? Ofte kjem ulike media til tvert motsett syn. To jenter vart brutalt drepne i Kristiansand våren 2000, og mange media valde å identifisere dei sikta då dei vart arresterte i oktober,- andre media anonymiserte dei to unge mennene.

Presse-etikken rår redaksjonane til å trø varsamt.
"Vær varsom med bruk av namn og bilete ----- avstå fra identifikasjon når dette ikke er nødvendig for å tilfredsstille berettigere informasjonskrav." (VVP 4.6)

I Baneheia-saka brukte VG og TV 2 namn og bilete og bilete på dei sikta, Dagsrevyen og Stavanger Aftenblad gjorde ikkje det.


Hans Christian Vadseth ,nyheitsredaktør i VG seier at argumenta for ei offentliggjering var følgjande:
1. Omfanget av ugjerninga.
2. Interessen i folket. "Dette var en forbrytelse der hele nasjonen fulgte dette fra jentene blei meldt savna."
3. Det låg føre ei tilståing og DNA-bevis for at den eine hadde vore på staden.
4. VG har praksis for å offentleggjere namn på dei som er sikta for så store brotsverk.
Eit argument mot var alderen til dei sikta. Dei er myndige, men likevel er dei unge.



Jens Barland sjefredaktør i Stavanger Aftenblad seier at hovudregelen i avisa er at dei ikkje identifiserar sikta i kriminalsaker. Han seier at dersom ein nyttar detaljane i saka til å appellere til kjenslene for å gje ei underhaldande leseoppleving i staden for å få fram viktig informasjon, då er journalistikken på feil spor.
Ut frå eit informasjonsbehov var det ikkje naudsynt å bringe namn og bilete. Det er ikkje interessant kva dei sikta heiter, men kva slag miljø dei kjem frå og kva slag oppvekst dei har hatt, seier Barland.



Kjell Øvre Helland nyheitsredaktør i TV 2 meiner at det var relativt lett å ta ei avgjerd i denne saka. Det låg også føre ei tilståing. Om ein ikkje identifiserar i kriminalsaker, handsamer ein desse sakene annleis enn andre saker. På alle andre områdei journalistikken er det vanleg å identfisere. Kvifor skal ein vere meir forsiktig i kriminalsaker? Skal ein gje dei som er ramma av overgrepa ei kjensle av at samfunnet inkludert media beskytter overgriparane? Øvre Helland seier at mange lesere meiner "gapestokken" er ein del av straffa.



Viggo Johansen, NRK Dagsrevyen seier at valget var enkelt. Før det kjem ein dom i saka, vil Dagsrevyen ikkje nytte namn. Vi meiner at vi kan dekkje saka heilt tilfredsstillande utan å nytte namn eller bilete, seier Johansen.





Gunnar Bodahl Johansen, fagmedarbeidar ved Institutt for Journalistikk meiner at dersom pressa har ei samfunnsrolle å spela, må også dei presseetiske vurderingane ha ei relasjon til samfunnet utafor redaksjonane. Han har eit tvisyn i denne saka. På den eine sida ville det vere naturleg med indentifikasjon i eit ope informasjonssamfunn som vårt. Men har vi behov for å kjenne identiteten til desse to unge brotsmennene, spør Bodal Johansen. Han peiker også på Orderudsaka der identifikasjon opna for eit namn- og biletbruk utan sidestykke.


Drøft argumenta for og imot identifikasjon i Baneheiasaka.
Kva for argument veger tyngst?
Kva meiner du var den rette avgjerda?

------------------------------------------------------------------------


Sei di meining!


Har du kommentarar og spørsmål eller synspunkt når det gjeld problemstillingar som er presentert på JOURNALISTETIKKs nettsider, så bruk TANKETORGET!
------------------------------------------------------------------------



Ansvarleg for opplegget er Audgunn Oltedal og Egil Eikvil. Nettsidene er utvikla i samarbeid med Høgskolen i Volda og har fått økonomisk støtte frå Verdinettet, Norges Forskningsråd


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:15