P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

NRK dannar regjering

Fram til den 2. mai inviterer vi deg som lyttar til å kome med forslag til personar som kan sitje i ei ny P1-regjering. Kjenner du ein person som har klare tankar om korleis framtida skal sjå ut, bør du ta kontakt med oss.

Publisert 25.04.2005 15:39.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Alle fylke i landet skal plukke ut ein kandidat til å sitje i ei P1-regjering. Denne regjeringa skal vere ein møteplass for personar med gode idear, som skal kome med innspel til politikarane om korleis framtida skal sjå ut.

Samlast på Sem Gjestegård

Etter den 2. mai skal ein jury plukke ut fem kandidatar frå dei innsendte forslaga, som det igjen skal stemmast på. Den som blir valt frå Sogn og Fjordane, skal møte folk frå dei andre fylka på Sem Gjestegård i midten av juni.

Kva er viktig for folk dei neste 100 åra, og kven i ditt fylke kan best tenkje høgt om korleis framtida bør bli. Det er utfordringa til deg som lyttar.

Du kan nominere på følgjande måtar:

Gjennom SMS ved å skrive P1 og så namnet til vedkommande og send det til 1987.

Eller du kan gå inn på nrk.no/p1regjeringa. Då finn du ditt fylke og legg inn namnet der.

Du kan og sende eit postkort til
NRK Sogn og Fjordane
Postboks 100
6801 Førde.

Og hugs at fristen for å sende inn ditt forslag er måndag 2. mai.

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no