Dette blir den første radiokanalen fra NRK som berre sender digitalt. Det er også første gong NRK systematisk tar i bruk det rikhaldige digitaliserte radioarkivet i stort omfang. Arkivet inneheld 50 000 opptak frå 1934 og fram til i dag.
 |
Prosjektleiar Astrid Falck-Ytter og programleiar Leiv Solberg. Foto: NRK.no |
Opningsshow
Den offisielle opninga finn stad i studio 19 på Marienlyst med eit direkteshow, leia av Leiv Solberg.
- Opninga kan følgjast på NRK Nettradio, DAB digitalradio og det kan sjåast i NRK Nett-TV, fortel prosjektleiar Astrid Falck-Ytter.
Berre digitalt
Kanalen skal deretter berre distribuerast via Nettradio og DAB digitalradio. I motsetnad til Alltid Klassisk og Alltid Nyheter, blir Alltid Folkemusikk ein rein digitalkanal. Førebels går berre nattsendingane over det riksdekkande DAB-nettet. Sendingane på dagtid blir distribuert over det digitale nettet i Oslofjordregionen.
- Vi er i starten av ei utvikling. Distribusjonen vil bli betre etter kvart. Men alle som har tilgang på Internett kan frå starten av lytte til oss heile døgeret. Og det er ikkje lenger slik at berre dei unge veit korleis Internett og nett-radio fungerer, seier journalist Leiv Solberg.
Nytt og gamalt
Alltid folkemusikk skal vere ein kanal for norsk folkemusikk av alle datoar og avskuggingar.
- Vi kjem til å sende to P2-program som skil seg frå dette: Jungeltelegrafen med musikk frå andre delar av verda samt Transit, seier Solberg.
Kanalen skal programmerast slik at ulike flater har ulike tema.
- Alltid folkemusikk skal handle om korleis folkemusikken lever og har levd, seier Falck-Ytter.
Automatisk
Kanalen vil vere utan programleiarar. Musikken blir lagd inn på førehand og avviklinga skjer automatisk. Lyttarane får vite kva som blir spela og kven som spelar eller syng ved hjelp av informasjon i form av tekst og foto.
Derfor blir kanalen billig i drift. Det er lagt ei halv stilling ekstra til Folk og jazz i Kulturavdelinga, som 1. januar overtar redaktøransvaret for kanalen.
Unikt arkiv
Opprettinga av Alltid Folkemusikk er med på å gjere NRKs unike folkemusikkarkiv tilgjengeleg for fleire. Arkivet inneheld opptak frå 1934 og fram til i dag.
- Vi er vårt ansvar medvitne og gjer NRKs unike materiale tilgjengeleg. Det finst fleire arkiv kring i landet med opptak av folkemusikk, men NRKs arkiv er mora til alle folkemusikkarkiva i Noreg, seier Solberg.
Arbeidet med utviklinga av den nye kanalen er leia av Astrid Falck-Ytter i Utviklingsavdelinga. Prosjektgruppa har vore samansett av personar frå Program Oslo, NRK.no, produksjonsavdelinga, Teknologiavdelinga og Utviklingsavdelinga.
Av Hans T. Wiig