|
Denne guten miste faren sin i angrepet på minibussen ved Baquba. (Foto: AFP/Scanpix) |
Ein polititenestemann seier at 10 væpna og maskerte menn gjennomførte angrepet mot minibussen like utanfor Baquba, som ligg 65 kilometer frå den irakiske hovudstaden Bagdad.
Ein niande person vart skadd i angrepet, blir det opplyst.
Passasjerane i minibussen var frå ein sjiamuslimsk landsby, og var på veg til arbeid på eit gardsbruk i nærleiken.
Amerikanske og irakiske styresmakter ventar ein auke i angrep frå opprørarar i tida fram mot valet på ny nasjonalforsamling 15. desember. (NRK-Reuters-AFP)