skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Fem USA-soldatar drepne i Irak

Ramadi er eit støttepunkt for opprørarane i Irak. Her demonstrerer tilhengjarar av Saddam Hussein tidlegare denne veka. (Foto: AP/Scanpix)
Ramadi er eit støttepunkt for opprørarane i Irak. Her demonstrerer tilhengjarar av Saddam Hussein tidlegare denne veka. (Foto: AP/Scanpix)
Fem amerikanske soldatar vart drepne då ei bombe gjekk av ved bilen deira i Ramadi vest for Bagdad i dag.

Publisert 29.09.2005 18:55. Oppdatert 29.09.2005 19:08.
Av Bent J. Tandstad

Bomba gjekk av like ved bilen deira, medan soldatane var involverte i kamphandlingar i Ramadi, rundt 110 kilometer vest for Bagdad, heiter det i ei fråsegn frå den amerikanske hæren.

Soldatane tilhøyrde det amerikanske marinekorpset.

Opprørarane har stått sterkt i Ramadi-området, og det har vore harde kampar mellom opprørarar og irakiske og amerikanske soldatar fleire gonger sidan krigen starta.

Den amerikanske hæren trur at Abu Musab al-Zarqawi, leiaren for Al Qaida-nettverket i Irak, oppheld seg i Ramadi-området. Trass i fleire operasjonar som har hatt som direkte mål å få tak i Zarqawi, har det ikkje lukkast.

Tidlegare denne veka vart mannen som blir rekna som Zarqawis nestkommanderande, Abu Azzan, drepen av amerikanske og irakiske soldatar i hovudstaden Bagdad.

Over 1900 amerikanske soldatar er drepne i Irak sidan starten på krigen i 2003. Bomber i vegkanten har teke flest amerikanske liv i Irak. (NRK-Reuters)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no