skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

47 drepne av bombe i Irak

Ein av dei skadde får hjelp på eit lokalt sjukehus. (Foto: APTN)
Ein av dei skadde får hjelp på eit lokalt sjukehus. (Foto: APTN)
Minst 47 menneske vart drepne i ein sjølvmordsaksjon i byen Arbil i det nordlege Irak i dag tidleg.

Publisert 04.05.2005 08:49. Oppdatert 04.05.2005 21:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Den militante gruppa Ansar al-Sunna seier den stod bak aksjonen.

Tidlegare meldingar gjekk på at det var sju drepne i angrepet. Over 100 menneske vart skadde i angrepet.

Politiet i byen opplyser at det var eit kontor tilhøyrande til det kurdiske partiet KDP (Kurdistans demokratiske parti) som var målet for angepet.

Kontoret blir også brukt som eit registreringssenter for det lokale politiet.

KDP er eitt av dei to store partia i den kurdiske alliansen som vart nest størst i valet i Irak 30. januar.

Sist søndag vart minst 25 menneske drepne i eit angrep mot gravferda til ein KDP-politikar i byen Talfar utanfor Mosul.

Opptrapping

Det har vore ei kraftig opptrapping av angrepa mot sjiamuslimske og kurdiske mål den siste tida.

Dei fleste angrepa skjer ved at bilar fullasta med sprengstoff køyrer inn i bygningar eller inn i store folkemengder.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no