skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Minst 26 drepne i Bagdad

Det var ei  sjølvmordsaksjonist som sprengde bilen sin i lufta i Bagdad i dag tidleg. 14 menneske omkom. (Foto: APTN)
Det var ei sjølvmordsaksjonist som sprengde bilen sin i lufta i Bagdad i dag tidleg. 14 menneske omkom. (Foto: APTN)
Minst 26 menneske er drepne i to ulike angrep i den irakiske hovudstaden Bagdad i morgontimane i dag. Gruppa til Abu Musab al-Zarhawi har teke på seg skulda for begge angrepa.

Publisert 03.12.2004 08:30. Oppdatert 03.12.2004 10:49.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

I eit væpna angrep på Sediya-politistasjonen i den sørlege delen av Bagdad vart 12 politifolk drepne, og seks skadde. Ei gruppe væpna menn storma politistasjonen, og dei skal ha sett fri 51 fangar frå fengselet som ligg i tilknyting til politistasjonen.

Like etterpå kom det melding om at 14 menneske vart drepne i ein eksplosjon som vart utløyst av ei bilbombe i den nordlege delen av Bagdad. 19 menneske vart skadde. Politiet opplyser at det var ein sjølvmordsaksjon. Eksplosjonen gjorde også betydeleg skade på bygningar i bilar i nærleiken.

Angrepet skjedde i bydelen Aadhamiya, som også tidlegare har vore utsett for angrep frå irakiske motstandsgrupper.
Det bur i hovudsak sunnimuslimar i denne bydelen.

Gruppa til Abu Musab al-Zarqawi har via ei side på internett teke på seg skulda for dei blodige angrepa. Zarqawi, som opprinneleg er frå Jordan, blir rekna for å nære band til Osama bin Ladens Al Qaida-nettverk.

I haust sa Zarkawi i ei fråsegn at han svergde truskap til Osama bin Laden og Al Qaida-nettverket.

minst 14 omkom i sjølvmordsaksjonen i Bagdad i dag tidleg. (Foto: APTN)





Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no