Over 150 menneske er drepne i fleire kraftige eksplosjonar som skaka Kerbala og Bagdad i Irak i dag, under feiringa av den sjiamuslimske høgtida Ashura.
Av
Bent J. Tandstad
Dagen i dag er den viktigaste religiøse høgtidsdagen for sjiamuslimane, og svært mange menneske var ute i gatene for å delta i markeringa til minne om drapet på Muhammeds barnebarn Hussein.
Det skal ha vore sjiamuslimske pilegrimar frå mange land i Kerbala i dag. Også i dei sjiamuslimske bydelane i hovudstaden Bagdad var det mange menneske ute i gatene.
|
Ei menneskemengde flyktar frå åstaden for ein eksplosjon i Kerbala. (Foto: APTV) |
|
Minst 30 menneske vart drepne i bombeeksplosjonane i Kerbala i Irak i dag. (Foto: AP/Scanpix) |
Heilag by
Minst 85 menneske er drepne i Kerbala, opplyser den lokale politisjefen Raed Nabil. Det vart meldt om minst fem eksplosjonar i Kerbala, som er den mest heilage byen til sjiamuslimane i Irak. Mellom 40 og 50 iranarar skal vere blant dei drepne og skadde, opplyser ein talsmann for iranske styresmakter.
Eksplosjonane skuldast både rakettangrep og bomber, opplyser irakisk politi. Minst ein av eksplosjonane skuldast ein sjølvmordsaksjon. Ein mann sprang mot ei gruppe iranske pilegrimar og sprengde seg sjølv i lufta, opplyser ein polititalsmann. Minst 25 vart drepne i denne aksjonen.
Bagdad
Minst 75 menneske er drepne i Bagdad, opplyser sjukehuskjelder. Det offisielle talet på døde i Bagdad var klokka 12 norsk tid 58, men truleg er 75 nærare sanninga. Det var fire sjølvmordsaksjonistar som gjenomførte angrepa ved den viktigaste sjiamuslimske moskeen i Bagdad, opplyser tryggingsvakter ved moskeen til AFP.
- Ein sprengde seg sjølv i lufta ved inngangen av moskeen, ein midt i bygningen og dei to andre ved ein sideinngang, seier vaktene. Dei kan fortelje at det er funne ein avsprengd hand som framleis held ein ueksplodert granat.
Dødstala kan kome til å stige både i Bagdad og i Kerbala.
Tre arresterte
Ein talsmann for den polske styrken i Irak, oberst Zdzislaw Gnatowski, opplyser at to personar er arresterte, mistenkte for å ha vore med på angrepet i Kerbala. - Dei vart tekne på fersk gjerning medan dei prøvde å avfyre fleire rakettar, seier obersten. Det er polske soldatar som har ansvaret for tryggleiken i Kerbala.
Ein talsmann for det lokale politiet i byen sa like før at ein mann av iransk opphav var arrestert, mistenkt for å ha noko med angrepa å gjere.
To millionar
Eksplosjonane i Kerbala skal ha vore svært kraftige, og dette skjer på ein dag då enorme menneskemengder var ute i gatene for å feire den sjiamuslimske heilagdagen. Nokre meldingar går ut på at over ein million menneske var ute i gatene i Kerbala i dag. Andre meiner talet på menneske som deltek i feiringa var over to millionar.
Det er første gong på over 30 år at folk kunne samle seg til offentleg feiring av Ashura. Feiringa var forboden under regimet til Saddam Hussein.
|
Det er mange drepne og skadde etter eksplosjonane i Kerbala. (Foto: RTV) |
|
Det var fullt kaos i Kerbala etter dei fem eksplosjonane. (Foto: RTV) |
Det er sett røyk stige opp både nord og sør for dei mest heilage stadene i byen, gravene til profeten Muhammeds barnebarn Hussein, og halvbroren Abbas. Desse gravene var truleg hovudmålet for bombeangrepa.
Fullt kaos
CNN sin reporter i Kerbala fortel at eksplosjonen førte til fullt kaos i byen. Folk flykta frå områda der bombene hadde eksplodert, medan ambulansar prøvde å kome seg fram gjennom menneskemengda. Mange reagerte med sinne på det som hadde skjedd, og la skulda på utlendingar og ikkje-muslimar.
Eksplosjonane i Kerbala og Bagdad skal ha skjedd samstundes, og det kan vere snakk om eit samordna angrep. Ingen har teke på seg ansvaret for angrepa i Irak i dag.
Utlendingar
Ein medlem av Det irakiske styringsrådet, Nassir Chaderji, seier at udådane i Kerbala og Bagdad i dag må vere gjorde av utlendingar.
- Terroristane kan ikkje vere irakarar, irakarar og arabarar tek avstand frå slike ugjeringar, seier han til AFP.
|
Ein av dei skadde blir hjelpt inn i ein ambulanse i Kerbala. (Foto: RTV) |
Sjiamuslimane utgjer rundt 60 prosent av innbyggjarane i Irak. USA har skulda Al Qaida-nettverket for å stå bak tidlegare angrep på sjiaer, med det mål for auge å starte ein borgarkrig mellom sjiamuslimar og sunnimuslimar i Irak.