skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Viktig å granske krigen

Leiaren for våpeninspektørane til FN i Irak, Hans Blix, seier det er viktig at bakgrunnen for Irak-krigen blir granska.

Publisert 11.02.2004 18:17.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Hege Moe Eriksen og Tor Helge Haugland

- For den som trur på hekser, blir kvar kvist eit bevis, seier Hans Blix (Foto: Getty Images)
Blix heldt foredrag på Universitetet i Oslo i dag, og han understreka der kor vanskeleg det er å hente korrekt etteretningsinformasjon ut av satellittbilete og avhopparar frå eit regime.

Både USA og Storbritannia let uavhengige kommisjonar sjå på kva som utløyste angrepet på Irak, og Blix meiner dette arbeidet er svært viktig.

Kritisk tenking

- Kritisk tenking er nødvendig om vi ikkje skal gå til krig på feil grunnlag, seier Blix, som ser Irak-krigen som ei stadfesting på kor nødvendig det er å halde fram med den kritiske tenkinga.

- Her trudde ein i staden i stor grad på at hekser finst. Og trur ein på det, blir også kvar kvist eit bevis, seier han.

Rettsleg etterspel?

På spørsmål om det bør få eit rettsleg etterspel om det ikkje blir funne masseøydeleggingsvåpen i Irak, svarar Blix kort:

- Det trur eg ikkje er realistisk.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no