skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Fryktar nye angrep i Irak

Amerikanske og australske styresmakter fryktar fleire angrep mot vestlege mål i Irak denne helga, etter at motstandsgrupper har proklamert "ein dag for motstand".

Publisert 31.10.2003 22:13. Oppdatert 31.10.2003 22:28.
Av Bent J. Tandstad

Amerikanske soldatar er i høg beredskap av frykt for nye angrep. (AFP-foto)

Det var uro i Bagdad også i dag. Her blir eit lik bore bort etter gatekampar. (AFP-foto)

Samstundes sa ein talsmann for USAs president George W. Bush i kveld at det berre er eit spørsmål om tid før Saddam Hussein blir teken til fange.

Spørsmål om tid

- Saddam Hussein er i ein overlevingstilstand. Han sit ikkje lenger ved makta, og regimet har ikkje lenger noko makt. Det er berre eit spørsmål om tid før han må svare for seg, sa pressetalsmann Scott McClellan på ein pressekonferanse på ranchen til presidenten i Texas.

På bakken i Bagdad og i andre irakiske byar er ikkje alle like optimistiske. Meldingar i kveld tyder på stor nervøsitet for kva morgondagen kan bringe med seg av nye valdsaksjonar frå motstandsgruppene.

Både amerikanske og australske styersmakter har gått ut med klare årvaringar til sine folk i Irak om å vise stor aktsemd. Den australske regjeringa har gått så langt som å varsle at dei har motteke truverdig informasjon om at det er planlagd angrep mot eit namngitt hotell i Bagdad laurdag.

Al Hamra

Det er snakk om Al Hamra-hotellet, der det bur svært mange utanlandske journalistar. Fleire dusin utanlandske journalistar sjekka ut av hotellet i dag, samstundes som dei understreka at det ikkje er første gong det har kome slike truslar mot hotellet.

I ettermiddag vart nok ein amerikansk soldat drepen i ein bombeaksjon vest for Bagdadm, etter at fire irakarar, blant dei ein politimann, døydde i ein samanstøyt i hovudstaden tidlegare på dagen.

I alt 118 amerikanske soldatar er drepne i valdshandlingar sidan USA erklærte dei alvorlege kamphandlingane for slutt 1. mai i år.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no