For andre dag på rad har det i dag vore harde samanstøytar mellom irakiske demonstrantar og britiske soldatar i Basra sør i Irak.
Av
Bent J. Tandstad
Ein britisk militær talsmann, major Charlie Mayo, seier at rundt 800 demosntrantar har delteke i opptøyane i byen i dag, og at uroa har mindre omfang i dag enn i går.
- Demonstrasjonane har utvikla seg til opptøyar, og i nokre tilfelle har det vorte skote mot britiske soldatar. Vi svarte på eldgivinga, seier Mayo.
|
Demonstrantane har laga barrikadar av brennande bildekk i den nordlege delen av Basra, der opptøyane held fram på andre dagen. (Reuters-foto) |
|
Basra i dag: Ein skadd demonstrant blir teken hand om av kameratar . (Reuters-foto) |
Det er ikkje meldt om drepne i uroa, men det skal vere fleire skadde. Britiske soldatar patruljerer gatene med pansra køyrety, medan demonstrantar lagar barrikadar i gatene av brennande bildekk, og kastar brustein mot passerande bilar. Det er svært varmt i Basra i dag, med temperaturar på rundt 50 grader i skuggen.
Charlie Mayo understrekar at det er roleg i storparten av byen, der det bur rundt 1,5 millionar menneske. Uroa er konsentrert til dei nordlege bydelane, seier han til det franske nyheitsbyrået AFP.
Britiske soldatar har i dag distribuert drivstoff til bensinstasjonane i byen, men det er uklart om kor stort omfang distribusjonen har.
- Opptøyane i dag handlar om det same som i går, bensin og elektrisk straum, seier Charlie Mayo.
I går deltok fleire tusen irakarar i demonstrasjonane mot dei britiske okkupasjonsstyrkane. Det vart brent bildekk i gatene og kasta stein på dei britiske soldatane. Minst sju britiske soldatar og fire irakiske sivile vart skadde i uroa.
Det har vore vanskeleg å få tak i drivstoff i Basra den siste tida, og prisen har blitt mangedobla i løpet av kort tid. Straumforsyninga har vore svært ustabil, med fleire, lengre daglege straumbrot.