skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

First we take Manhattan

Cohens gamle hit er klassifisert som upassande etter terrorangrepa på USA. Men i dag kunne alle ha godt av å lytte til Leonard Cohen og hans råd til oss som lever i denne livsfarlige verda: Dukk!

Publisert 11.10.2001 15:20.
Av Frode Grytten

"First we take Manhattan, then we take Berlin."

Eg veit i grunnen ikkje om dessa orda kjem på lufta. I alle fall kan det bli ei stund til du får høre Leonard Cohen synge dei på radio. First we take Manhattan, then we take Berlin.

Upassande

Etter 11. september blei Leonard Cohen sin gamle hit klassifisert som upassande av fleire radiostasjonar, saman med songar som "It´s Raining Men", "Burning Down the House" og "What A Wonderful World".
Det blei for sterkt. Det blei for mykje. Det blei for, ja, eg veit ikkje heilt kva det blei…

Då Cohen-songen kom ut i 1988, gjekk heile og halve landet rundt og nynna på han. First we take Manhattan, then we take Berlin. Leonard Cohen, den sære poeten med dagen-derpå-stemma, var plutselig blitt folkets mann. Cohen hamna i bensinstasjonhyllene ved sida av Sputnik. Bjøro Håland lagde sin breibremma versjon av "No Cure For Love".

Cohen var over alt; på hitlistene, i ønskekonsertane, på nærradioane, i bilstereoane, i hotellheisane.

No er han på svartelista. Ein upassande mann i ei verd som jobbar utålmodig for å få i gong tredje verdskrig. Men då Cohen var inne i varmen og ikkje ute i kulda, hørte nokon kva han eigentlig song?

Nja, det var eit catchy refreng, liksom. Vittig, fengande, kult. First we take Manhattan, then we take Berlin.

Skremmande

Å høre songen no er verkelig skremmande. Ikkje bare fordi ein skulle tru at Cohen sette seg ned med penn og papir 11. september i år for å komponere, ikkje ein gong i 1988.

Mest skremmande er likevel korleis Cohen med nærmast kirurgisk presisjon snittar opp ei verd som er tømt for relevante politiske uttrykk, for ytringar som kan representere eit fleirtall. Han visar oss ein klode der bare det ekstreme og overskridande får reelt gjennomslag.

Han visar kor skjørt samfunnet er, kor opent det ligg for totalitært tankegods og terroristisk erobringslyst. First we take Manhattan, then we take Berlin.

Slik sett er det ein alt anna enn upassande song. Det finst ingen meir passande song å spele etter 11. september. Men denna verda har forlengst slutta å høra etter. Det er for slitsamt å høre etter. Det er for anstrengande. Nei, gi oss heller muzak, lollipop, beat for beat.

Høyr!

Då Bruce Springsteen gav ut "Born in the USA" i 1984, blei han straks omfamna av den republikanske presidentkandidaten, Ronald Reagan. Springsteen var ein ekte amerikanar, ein ekte patriot. Noko som fikk Springsteen til å reagere, Reagan kunne umulig ha hørt på songen. Ikkje verkelig hørt på han. Noko som straks fikk den demokratiske presidentkandidaten, George Dukakis, til å omfamne Springsteen. Springsteen var ein ekte amerikanar, ein ekte demokrat. Noko som fikk Springsteen til å reagere. Dukakis kunne umulig ha hørt på songen, han heller. Ikkje virkelig hørt på han.

Antikrigssong

Han som framleis er i stand til å lytte, skjønar at "Born in the USA" er eit bitande og treffande portrett av ein Vietnam-veteran som har gått seg vill i sitt eige liv, eit levande offer for ein meiningslaus krig. Det er utvilsamt ein antikrigssong.

Men presidentar og mullahar treng ikkje antikrigssongar eller dissekerande poesi. Dei treng nokon som syng God Bless America og Allah O´ Akbar. Dei treng menn som vil dø for flagget og sin Gud.

Poesiens krigskorrespondent

Han som framleis finn det viktig å høre etter, treng Leonard Cohen, ein poesiens krigskorrespondent. Fra sin stilling ved fronten har han sendt ut presise rapportar, om korleis krigane vil bli kjempa om og om igjen. Om korleis duene vil bli kutta opp. Om og om igjen.

I dag kunne alle ha godt av å lytte til Leonard Cohen og hans råd til oss som lever i denne livsfarlige verda: Dukk!


Kulturbeitet, NRK P2, 11. september 2001.



Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no