skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Beretninga om ein varsla triumf

Laurdag rulla propagandaministeriet over oss med brudepiker, fyrverkeri, tårer, tyll og ingefærmarinerte klasetomatbåtar. Slaget er tapt. Thank you and goodnight.

Publisert 27.08.2001 11:55. Oppdatert 11.09.2001 15:07.
Vi som meiner det er galt og ein smule latterlig at nokon i år 2001 skal stå på ein balkong, høgt heva over andre, får finne noko anna å samle oss om enn republikken. Det kongelige bryllaup var ein solid heimesiger for den norske folkesjela.

Før kunne vi juble over at Kongen steig ned frå balkongen for å ta trikken saman med oss. No kunne vi juble over at vi sjølve tok steget opp på balkongen. Ved hjelp av ei blond åleinemor frå skilsmisseheim sørpå, fann vi vegen opp og inn i det norske kongehuset.

Minstemål av autoritet

Og gudane skal vite at monarkiet trengte det. Dei kongelige i Europa er ein einestaånde kjedelig, dysfunksjonell gjeng som må henge på seg ein masse dingeldangel for å kvervle opp eit minstemål av autoritet.

Du må vere Aftenpost-journalist for å få bli speeda av arvestorhertugar på Oslo-besøk. Det kongelige bryllaup var beretninga om ein varsla triumf. Det kunne rett og slett ikkje gå galt. Alle partar trengte det. Kongehuset, pressen, folket. For å halde på privilegiene. For å auke opplagstala. For igjen å ha denne kjensla av å vere best i verda.

Kollektiv orgasme

Vi trong denne kollektive orgasmen til 21 millionar kroner. For Nils Johan Semb har kjørt landslaget til botn. Bjørn Dæhlie har lagt opp. Aqua er historie. Og Oslo-avtalen endte i blodbad. Vi trong denne direktesendte BigBrother-finalen i ei kristen, moralsk utgåve. Kamera gav oss alle intime detaljar, men her var fyll og knulling erstatta med champagne og kyss på kinnet. Ei gåve gitt av Gud og Jens Stoltenberg.

Sukkerlake eller postmodernisme?

Etter at Mette Marit hadde tatt tårevått oppgjør med ungdommelig opprør på onsdagen, venta triumfen på laurdag. Ei Anne Grosvold dynka i sukkerlake kunne konkludere: "Vi er bare suverent best!" Dei litt meir nøkterne kommentatorane meinte at kongehuset med dette var postmodernisert.

Det er sjølvsagt bare tull. For det var folkets representant som måtte stige opp på balkongen. Det var ikkje dei kongelige som steig ned til folket.

Det er framleis deira beste-vest-verdiar som gjeld. Det er Pygmalion frå Kristiansand som no skal drillast til å fungera friksjonsfritt i det perfekte ingenting som kjenneteiknar eit monarki av i dag.

Ungdomsfestane best

Etter bryllaupet er ho tatt frå etternamnet, stemmeretten og ungdomsopprøret. Redusert til ein søt dessertrett - parfait à lá Mette Marit. Eg klandrar ho ikkje. Tvert om. Ho gjør det av kjærleik til ein sikkert utmerka mann.

Men eg finn grunn til å åtvare. Dei festane ho gjekk på i si utsvevande ungdomstid, var garantert betre enn dei ho no blir nødt til å gå på i resten av sitt liv.


Frode Grytten
Kulturnytt, NRK P2, 27. august 2001



Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no