Av
Kjetil Malkenes Hovland
Statsadministrasjonen er full av styrer, utval og råd. No skal 42 av dei bort.
For no vil Høgre-leiar og utanriksminister Jan Petersen rydde opp i sitt eige byråkrati.
Det tyder slutten for mellom anna Komite for prioritering av bruksretten til sambandslinjer i krig, Styret for prisreguleringsfondet for sild og Statens premieringsråd.
Måndag var Jan Petersen i nettmøte på NRK.no.
Se spørsmål og svar her.
Eksisterte berre på papiret
|
Høgre-leiar og utanriksminister Jan Petersen vil rydde i eige byråkrati. |
- Ikkje berre for folk flest, men også for oss som inntok departementa for snart to år sidan, kunne det vere vanskeleg å fatte kvifor mange av desse organa eksisterte, seier Høgre-leiar Jan Petersen (H).
Ifølgje Petersen eksisterer nokre av utvala berre på papiret. Andre er erstatta av meir uformelle kontaktforum.
Har fjerna mange reglar
Ifølgje Høgre har Finansdepartementet dei siste to åra fjerna godt over 1000 tollreglar, og Miljøverndepartementet har klart å redusere førti forskrifter til berre to.
Petersen seier han ville bli forbausa om nokon kjem til å sakne Statens Blankettutvalg eller Samarbeidsrådet for anadrom laksefisk.
Dette er utvala som forsvinn
Utenriksdepartementet:
Kontaktutvalg for folkerett i krig
Rådgivende utvalg for humanitær bistand
Rådgivende utvalg for resultater i utviklingspolitikken
Nærings- og Handelsdepartementet:
Industriberedskaps-utvalget
Styret for Statens Varekrigsforsikring
Styret for Statens veiledningskontor for oppfinnere, Styret for Norges Eksportråd, Styret for SND og Styret for Norges Turistråd blir slått saman til ein felles institusjon
Forum for IT-sikkerhet
Svensk-norsk industrifond
Finansdepartementet:
Modellutvalget
Valutarådet
Statens premieringsråd
Fiskeridepartementet:
Styret for prisreguleringsfondet for sild
Arbeids- og Administrasjonsdepartementet:
Statens Blankettutvalg
Konkurranselovutvalget
Utvalg for statens kongelige eiendommer
Utdannings- og Forskningsdepartementet:
20 opplæringsråd innenfor videregående opplæring blir vurdert erstatta med 7 fagråd.
Sosialdepartementet:
Tilsynsutvalget for helsevernet for psykisk utviklingshemmede i Sør-Trøndelag (nr 508) Tilsynsutvalget for helsevernet for psykisk utviklingshemmede i Nordland (nr 509)
Miljøverndepartementet:
Rådgivende utvalg for Statens naturoppsyn
Samarbeidsrådet for anadrom laksefisk
Forsvardepartementet:
Komite for prioritering av bruksretten til sambandslinjer i krig (NALLA-komiteen)
Forsvarets Kartnemd
Felles tilsynskomite for Forsvarsdepartementets og Kulturdepartementets bygninger med omgivelser på Bergenhus
Komiteen for Akershus slott og festningsområde
Krigsdekorasjonsrådet – vert lagt ned etter 60-årsmarkeringa av krigsavslutninga