Kristelig Folkeparti går tilbake med 2,9 prosentpoeng på ei meiningsmåling som Opinion har gjort for NRK og Aftenposten. Berre 5,7 prosent svarar at dei vil røyste på KrF.
Av Tore Moland og
Tor Helge Haugland
Dette inneber at ein av tre veljarar har forlate partiet dei siste to vekene, og oppslutninga er lågare enn ved noko val etter andre verdskrigen.
Også Venstre går tilbake med 1,1 prosentpoeng til ei oppslutning på 2,5 prosent på den nye målinga.
For dei andre partia er det mindre endringar på målinga som er gjort 18. - 20. august. Sist Opinion-måling er frå 8. august.
Medhaug-saka
|
Partileiar Valgerd Svarstad Haugland vel heller å fokusere på andre målingar.
(Foto: Knut Fjeldstad/Scanpix) |
Rogaland Kristeleg Folkeparti vraka sin fylkesordførarkandidat Jan Birger Medhaug for halvanna veke sidan, etter ein lang strid fordi han var meld til politiet for valdtekt.
Kort tid etter fekk partiet også eit nytt tilfelle der ein lokallagsleiar blei meld til politiet for seksuell trakassering.
Kristeleg Folkeparti har deretter prøvd å leggje sakene bak seg, men såra ser ikkje ut til å vere lækte like raskt hos veljarane.
- Lite framtidsretta
Partileiar Valgerd Svarstad Haugland seier at ho er meir oppteken av at andre målingar har vist ein annan tendens.
- Eg vel å fokusere på ei rekkje andre målingar som viser ein annan trend, nemleg at vi gjer det betre, seier ho.
Spekulasjonar over kva årsaka kan vere til at partiet har ei dårleg måling, meiner ho ikkje er særleg framtidsretta.
- Det er mykje viktigare å peike på ein framgang og eit godt valresultat den 15. september, seier Svarstad Haugland.