Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Sogn og Fjordane toppbanner 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Ymse Sist oppdatert 14:11
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor: 57 86 08 01 Sognekontor: 57 67 58 10

Distriktsredaktør:

Nettansvarlege:

 

Fjogning-hjelp

Har du vanskar med å spele av Fjogning CD-en? Her finn du kanskje den hjelpa du treng.

Publisert 08.11.2001 10:23. Oppdatert 27.11.2001 11:40.
SE OGSÅ:
Fjogning CD-en er ein såkalla CD-extra. Har du ein vanleg CD-spelar er dette som ein vanleg lyd-CD, du kan spele dei 19 lydkutta på vanleg måte.

Men CD-en inneheld òg fem videosnuttar. For å spele dei treng du ein PC med CD-ROM. Avspelingsmenyen skal starte automatisk når du matar Fjogning CD-en inn i datamaskina.

Dersom du ikkje får opp nokon meny – sjølv etter å ha venta tolmodig eit halvt minutts tid – kan du prøve å starte menyen manuelt. Korleis du gjer det, varierer litt avhengig av programvaren som fins på PC-en din. Det vanlegaste er at du opnar 'min datamaskin' som ligg på skrivebordet ditt.
Deretter dobbeltklikkar du på ikonet for CDROM-spelaren, det er gjerne stasjon D: eller E: og skal vera merka med 'Fjogning'. No skal det openbera seg ei liste av datafiler, og du dobbeltklikkar på fila som heiter 'start'.

Dersom du vil avbryte avspelinga av ein video, trykker du på 'Esc'-knappen på tastaturet.

Ønskjer du å spele lydfilene som ligg på CD-en på datamaskina di, må du starte CD-spelaren manuelt. Den finn du vanlegvis på starmenyen under 'Tilbehør' og 'Multimedia' eller 'Underholdning'.


 
10 SISTE NYHENDE FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
Send ei platehelsing med NRK Sogn og Fjordane
5 SISTE SPORT FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no