Fjogningen eksisterte – med skiftande mannskap – frå 1990-2001, og det er ryse lenge til radioserie å vere. Dei kasta inn handkleet då halve fjogninglaget – Kai Aage Pedersen – vart redaktør i Sogn Avis i sommar.
Utvalet til CD-en har den attverande halvparten – Geirmund Henjum – stått for.
CD-en kostar 100 kr + porto, og kan tingast her. Eller du kan ringe 57724200.
Eller du kan gå på bui. Følgjande stader kan du få kjøpt fjogningen sitt testamente:
* Music Box, Sogningen Storsenter
* Skjeldestad Libris, Sogndal og Hermansverk
* Melåsbui, Hermansverk
* Edvin's Koloinal i Jostedalen
* Farnesbui, Balestrand
* Titi Tonus, Handelshuset, Førde
* Førde Interbok, Førde Torg
* Økland Libris, Førde
* Brekke's Kiosk, Vik
* Eikenes bok og papir, Sandane
* Bokea Libris, Florø
* Hatleberg bil og maskin, Hyllestad
* Dale bok og papir
* Høyanger bok og papir
* Statoil-stasjonane i fylket
* Esso-stasjonane i fylket
* Hydro-Texaco-stasjonane i fylket
Ynskjer du å halde minna om Fjogningane levande til du får tak i CD-en, finn du dei her veke for veke sidan tusenårsskiftet.