| | Historisk siger Publisert 11.09.2001 00:20 Heidi Grande Røys slapp endeleg jubelen laus fem minutt over midnatt då Flora-resultatet låg føre og sikra henne ein historisk plass på Stortinget.
Det er første gong SV er representert frå Sogn og Fjordane. I bustadkommunen Flora fekk Heidi Grande Røys 26 fleire røyster enn Arbeidarpartiet og Reidar Sandal. Framgangen var på heile 16, 5 prosentpoeng for SV.
–Eg er berre lukkeleg, sa Heidi Grande Røys då sigeren var eit faktum. –No vil eg i Næringskomiteen. Det har ho nesten avtale om med partileiar Kristin Halvorsen.
| | Connection time-out
|