I morgonsendinga til NRK-Rogaland i dag, kom leiar i Stavanger Ap, Odd Kristian Reme med eit uvanleg utspel. Han kan tenkje seg eit samarbeid med Høgre i bystyret i Stavanger, etter valet. Det skulle i tilfelle vera eit samarbeid om budsjettet. Og det er altså snakk om eit samarbeid mellom dei to tradisjonelle hovedfiendane i norsk politikk.
-Vårt mål for valet er å få til eit skifte, seier Reme. Det naturlege samarbeidet er Arbeiderpartiet saman med SV og sentrum. Men hvis ikkje valet gir oss ein muligheit er vi opne for å drøfte andre former for samarbeid som kan bidra til å isolere Fremskrittspartiet, seier han.
Men Reme får ikkje noko stor mottaking frå leiar frå Stavanger Høgre, Leif Johan Sevland på forslaget sitt. Han vil foreløpig ikkje akseptere invitten frå Arbeiderpartiet om samarbeid etter valet til hausten. Det er for tidleg å konkludere før valresultatet er klart, seier Sevland.
Av:
Ingvald Nordmark og
Wenche Lamo Hadland