SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
14.000 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Dette er ein kommune med 4-5 jamstore parti. Høgre fekk flest stemmer sist val, men med FrP, KrF, Sp og Ap like etter. Senterpartiet gjekk mest tilbake, -10,5%, FrP mest fram, +5,4%.
Tradisjonelt har Sp styrt kommunen, men etter siste val vart partiet omlag halvert.
Politisk situasjon
Det skal arrangerast direkteval på ordførar i Klepp. Det er ein av fire Rogalands-kommunar og 35 kommunar tilsaman i Norge, som skal ha denne ordninga.
Elfin Lea, H, blei ordførar etter sist val. Tor Audun Bilstad, Sp, fekk varaordførarvervet. Det er usikkert kva som blir resultatet av dette valet.
Høgre, Sp og KrF har eit fleirtalsamarbeid i kommunestyret.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 35 medlemmer i kommunestyret.
Ap-4, SV-1, Sp-6, KrF-7, V-2, H-8, FrP-7,
Vallister -03
7 parti stiller lister i Klepp. Ingen uvanlege.
Aktuelle kandidatar
Håvard Erga, FrP, selgar, Sigmund Rolfsen, Ap, Livar Salte, KrF, tilsett i Teknisk etat i Hå og Hanne-Lill Steen, SV.
Aktuelle saker
Direktevalet saman med den politiske situasjonen gjer at det kan tenkjast fire aktuelle ordførarkandidatar i Klepp.
Kommunesamanslåing kan vera eit tema. Sp, H er imot. Men det kan vera at andre parti er for.
Valstatistikk
Val-91: Ap-4, SV-2, Sp-11, KrF-6, V-1, H-8, FrP-3,
Val-95: Ap-5, SV-1, Sp-11, KrF-5, V-2, H-6, FrP-5,
Val-99: Ap-4, SV-1, Sp-6, KrF-7, V-2, H-8, FrP-7,