skilleDistriktsfjernsynet er ti årSkille - slutt
NRK Østafjells  3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Østafjells > Skråblikk Sist oppdatert 14:42
 

Rolls Royce er 100 år

Eit eksklusivt jubileum blei feira 15. mars. Då var det 100 år sidan Rolls Royce blei grunnlagt.

Publisert 16.03.2006 08:30. Oppdatert 16.03.2006 08:47.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av Gry Eirin Skjelbred og Ragnar Lurås

Ikkje alle er klar over det, men 15. mars var det eit eksklusivt jubileum. Denne dagen var det nemleg 100 år sidan Rolls Royce blei grunnlagt.

Dette er ei "Flying Lady" ei dame som står framme på panseret. Foto: Gry Eirin Skjelbred, NRK.
Nå er kanskje ikkje dette eit jubileum som bileigarar med småslitte bruktbilar kjem til å feire så voldsomt, og ikkje er det så mange som eig Rolls Royce heller.

Mykje handlaga i Rolls Royce

Men på Ulefoss bur Niels Skov Jørgensen, og han har ein Silver Shadow som han kvart år kjører både kona og brudepar rundt om på telemarksvegane.

For Skov Jørgensen er det ein gutedraum han har fått realisere, då han kjøpte Rolls Roycen frå 1967.

- Dette er mykje som er handlaga i denne bilen, seier han.

Det er mykje som er laga for hand i ein ekte Rolls Royce. Foto: Gry Eirin Skjelbred, NRK.

Reparerte bilar for andre

Skov Jørgensen dreiv tidlegare ein karosseriverkstad der han reparerte bilar for andre.

- No har eg fått ein bil som er laga berre for meg, seier han.

Og sjølv om bilen er frå 1967 er det masse elektriske ting i bilen, blant anna air condition. Her kan du høyre reportasjen til Gry Eirin Skjelbred.

Dette er ein Rolls Royce 1967 modell. I år er det 100 år sidan Rolls Royce blei grunnlagt. Foto: Gry Eirin Skjelbred, NRK.


 

Hytterett med høy kosefaktor

Varm osten med skibrenner
10 SISTE NRK BUSKERUD, VESTFOLD OG TELEMARK

Rolls Royce er 100 år

Eit eksklusivt jubileum blei feira 15. mars. Då var det 100 år sidan Rolls Royce blei grunnlagt.

Telemarkskua 150 år

For 150 år sidan blei Telemarkskua registrert som eigen rase. Nå får den utryddingstruga kua sin eigen jubileumsskulptur.

Fra Union til Tasmania

Heidi Ripegutu Skjellaug jobba tidligere ved Union i Skien. Nå tar hun med seg mann og barn og flytter til Tasmania.

NM-mester i fikling

Eidsfoss-mannen Robert E. Haraldsen brukte Milosevic for å innkassere Norgesmesterskapet.

NYHETSBREV

Få nyhetene våre på e-post, helt gratis!

Informasjon om nyhetsbrevet     Andre brev

Fugler lider sultedød

Streng kulde og mye snø og is truer eksistensen til mange fugler. Fuglevakta følger situasjonen nøye.
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no