skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Peanøttkaker og annan julebakst

Radioprogrammet "Mat med Mindor" har hatt julebakst som tema to torsdagar på rad. Her finn du oppskrifter og anna interessant stoff, bl. a. om ei ny bok om kakebakst.

Publisert 12.12.2005 15:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:



Av Odd Sørås

Her finn du oppskriftene frå dei to julebakstprogramma i serien "Mat med Mindor" 1. og 8. desember + nokre til. Endå meir førjulsstemning får du dersom du brukar lydlenkjene rett ovanfor og høyrer programma!


Brit Halstensen i Molde hadde tysk mor, og i bandomsheimen hennar var det både tyske og norske julekaker. Her er ei av dei (det tyske "Plätzchen" er på norsk blitt til "plesken"). Mor til Brit brukte alltid sitronskal i julebaksten; kakene blir litt friskare på smak då, ikkje så overveldande søte.

Wiener Plätzchen

230 g smør
230 g sukker
330 g mjøl
8 eggeplommer

Riv skalet av ein sitron
Rør smør og sukker kvitt. Tilset eggeplommene, sitronskalet og mjølet. Lat deigen stå og kvile ei stund.

Rull deigen ut til pølser. Skjer passe tjukke skiver. Legg dei på plate og steik dei ved passe varme (180-200 grader?) til dei er passe brune.

Brit Halstensen ville forresten aldri finne på å steike julekakene på minkande måne - skal dei bli vellykka, må månen vere veksande!

*******

Ursula Holm i Ålesund kjem frå Tyskland, og ho gir oss oppskrift på Lebkuchen - kaker som er like sjølvsagde til jul i Tyskland som krumkaker og sirupsnippar er det her.

Lebkuchen

3-4 egg
200 g sukker
2 ts vaniljesukker
75 g aspikat (sukat)
sitronskal
ein knivsodd nellik
ein knivsodd kardemomme
ein knivsodd allehånde
1 ts kanel
200 g malne mandlar (kan godt skåldast, men Ursula gjer det aldri)
250 g kveitemjøl
1 ts bakepulver.

Rør egg og sukker kvitt, tilset dei andre ingrediensane - mjøl og bakepulver til slutt.

Denne deigen blir litt laus. Bruk ei skei og legg eit stykke deig så tjukt som ein veslefinger på bakepapir på ei plate. Stryk deigen ut til ei rund kake 6 cm eller vel så det i diameter. Steik kakene i 15-20 minutt ved 175-195 grader.

Legg på glasur av sjokolade, melis eller rom. Ein halv mandel på toppen.

Her er ei litt enklare oppskrift:

Elisen-Lebkuchen

2 eggekvitar
150 g malne nøtter (Ursula brukar hasselnøtter)
180 g sukker
50 g finhakka aspikat (sukat)
50 g mjøl
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Pisk eggekvitane stive, rør alle ingrediensane i hop. Lag kaker på bakepapir. Steik dei i 15-25 minutt ved 160-170 grader. Legg på glasur etter smak og behag.

Når ein steikjer Lebkuchen, luktar det jul, seier Ursula Holm.

*******

Ingunn Kirkhaug i Molde ringde oss og fortalde om ein spesialitet ho set svært stor pris på, og som skal kokast i smult ved hjelp av eit rosettjarn som du får kjøpt i kjøkenutstyrsforretningar.


Rosettbakkels

3 egg
6 ss sukker
2 dl potetmjøl
4 dl kveitemjøl
4 dl vatn.

Rør til deigen blir glatt og fin - pisk ikkje! Lat han stå og kvile i eit par timar, rør i han av og til.

Varm opp smultet. Varm rosettjarnet i smultet og dypp det i røra, men berre opp til kanten. Flytt det raskt over i det kokande smultet. Vipp av med ein gaffel når bakkelset er ferdigkokt. Det blir ca. 100 rosettbakkels av denne oppskrifta. Planlegg slik at du har god tid - dette går ikkje fort!

*******

Kjellaug Volle frå Sula vil gjerne dele med andre gleda over si favorittkake i år:

Kjellaugs peanøttkake

1 egg
2 dl sukker
2 dl havregryn (små)
3 ss kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1 ts kakao
75 g smelta smør (berre så vidt smelta)
100 g salta peanøtter

Pisk eggedosis, bland i havregryn og det tørre, og til slutt havregryn og peanøtter. Det kan hende du treng litt meir mjøl, derfor er det lurt å lage ei prøvekake.

Bruk teskeier og legg røra i passelege dosar på steikjebrett, om lag som ei litt stor serinakake. Denne oppskrifta skal gje ca. 36 kaker. Steik dei ved 200 grader i ca. 8 minutt.

********
Men Berit Søiland på Frei har ei anna peanøttkake som også smakar herleg!

Berits peanøttkake

5 dl kveitemjøl
1 ts natron
1 ¼ dl farin
1 ¼ dl brunt sukker (som du blandar)
150 g smør i romtemperatur så det er mjukt
200 g peanøttsmør
50 g finhakka peanøtter (usalta eller salta)
2 piska egg
3 ss mjølk eller fløyte

Bland alt. Trill det til lange pølser slik at du kan skjere ut 60 emne. Legg dei på plata med flatsida ned. Steik dei ved 180 grader til dei er passe brune.

Så kjem toppen på kaloribomba: Du må ha 5 pakker Melkerull slik at det blir ein sjokoladebit per kake. Ta kakene ut av omnen og legg ein mjølkerull på kvar slik at sjokoladen smeltar på den heite kaka. Legg ei halv peanøtt oppå sjokoladen.

********
Vi har fått eit langt og hyggeleg brev frå ei som kallar seg "Nissemor på 82". Brevet inneheld bl. a. desse to oppskriftene:

Tyske skiver

330g (5 1/2 dl) hvetemel
1/2 ts bakepulver
250 g smør
100 g (1, 25 dl) melis

1. Bland mel og bakepulver og smuldre det inn i smøret. Bland inn melis til en jevn deig. Trill den til ca. 4-5 cm tykke pølser. Dekk til deigen med plast og sett den en halv time i kjøleskapet.

2. Forvarm stekeovnen til 180 grader.

3. Skjær "deigpølsene" i ca. 1/2 cm tykke skiver som legges på brett (stekepapir eller smurt brett).

4. Stek kakene midt i ovnen i ca. 10 minutter til de så vidt begynner å bli gylne.


Kakevafler

250 g potetmel
125 g farin
125 g usaltet margarin
2 egg
1 toppet ts bakepulver
Vaniljesukker eller kardemomme som smak etter eget ønske.

Rør sukker og egg hvitt. Ha i smeltet smør, mel, bakepulver og smakstilsetning. Smør vaffeljernet første gang, senere er det ikke sikkert det er nødvendig. Prøv deg frem. Kjevle deigen ut til ca 1/2 cm tykkelse, skjær den til og legg den i jernet. Kakene skal ikke være så store som vanlige vafler, derfor er det lurt å bruke en asjett eller et tilklippet papirstykke som mal - legg oppå deigen og skjær rundt. Passe størrelse er ca. 6 ca. fra spissen til ytterkant.

*********

Julebakst før i tida

"Nissemor" fortel at ho er oppvaksen med mange sortar småkaker og bakar enno mange av dei sjølv, for det er så godt. Men ein treng ikkje ha alle sortane på bordet på ein gong, då blir ein lei av dei, seier ho. Så fortel ho kva mor hennar brukte å bake til jul, og det er så ein nesten misser pusten:

Sirupsnittar, peparkaker, krumkaker, serinakaker, sandkaker, sandnøtter, goro, kokoskaker, bordstabbar med kokos, havreflan, kakevaflar, tyske skiver, smultringar, fattigmann, rosettbakkels, berlinerkransar, sprutbakkels, hjortetakk og julenøtter med rosiner innpakka i kakedeig.

Fast var også fyrstekake, lefse, swissrull, krydderkake steikt i form, julebrød og anna brød, både fint og grovt.

Takk for brevet, Nissemor, og god jul!


Boka om kaker og kakebakst på Vestlandet

Åse Kongsvik
Kari Støfringsdal
Heidi Brunstad-Øyehaug:
TA KAKA!
Selja forlag 2005

Gjest i det andre programmet om julebakst var Heidi Brunstad-Øyehaug, ei av dei som har skrive den store boka "Ta kaka", som nyleg kom ut. Dette er ikkje berre ei bok med ei mengd oppskrifter på all slags kaker, det er også ei bok som fortel når og korleis vi på våre kantar begynte å bake kaker til jul og elles i året. Vi kan elles lese om kaker og bakarar i alle vestlandsbyane frå Egersund i sør til Kristiansund i nord.

Høyr Heidi Brunstad-Øyehaug fortelje om kakehistoria vår i "Mat med Mindor" 8. desember 2005!

Julebakst 2


Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no