skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Frå Hjelvikpotet til jordskokk

Les og høyr om korleis Hjelvikpoteten kom til landet, og bli kjend med jordskokken - eit godt alternativ til poteten!

Av Odd Sørås. Publisert 08.11.2004 15:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Hjelvikpoteten

I radioprogrammet "Mat med Mindor" den 3. november fortalde Anne Helene Kristiseter om korleis farfar hennar, Ottar Hjelvik, hadde med seg nokre potetar som han hadde teke med seg frå ein engelsk båt heim til Nordgarden i Hjelvika i Rauma . Det var desse som etter kvart blei utbreidde i mange bygder i fylket vårt under namnet "Hjelvikpotet". Denne engelske potetsorten heiter eigentleg "Abundance". Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr historia om dette potetslaget.


Jordskokk

Denne rotveksten stammar eigentleg frå Nord-Amerika og kom til Noreg på 1600-talet. Han er av solsikkefamilien, og plantane blir svært høge. Jordskokk kan brukast som alternativ til poteten i svært mange oppskrifter med potet, men smaken er noko annleis. Mange oppfattar jordskokksmaken som nøttaktig og svakt søtleg.

Nettsida "Matportalen" har ein interessant artikkel om jordskokken som eit spesielt interessant alternativ for diabetikarar. Artikkelen finn du her:

Matportalen

Jordskokk er altså både sunt og godt. Ver varsam når du kokar han - jordskokken tåler mindre koking enn poteten, og har lett for å bli blaut. Han bør heller ikkje liggje mange dagar i romtemperatur etter at du har fått han i hus - legg han i kjøleskapet eller et han helst med det same.

Det kan vere vanskeleg å få tak i jordskokk. Få - om nokon -daglegvarebutikkar fører jordskokk, men restaurantane spør etter han av og til, så han finst på dei store grønsaklagra. Det finst også ein og annan som har jordskokk i kjøkenhagen sin, og somme gardbrukarar prøver seg med jordskokkdyrking i samarbeid med forsøksringane i landbruket. Prøver du hardt nok, får du sikkert tak i jordskokk!


Skorsonerrot/svartrot

er ein annan vekst som smakar godt og er eit godt supplement til potet og grønsaker. Røtene er lange og smale, kvite inni og svarte utanpå. I redioprogrammet vårt 3/11 serverte Mindor Klauset "potetgull" av skorsonerrot, dvs. tynne, frityrsteikte skiver av rota. Programleiar Odd Sørås fekk smake skorsonerrot for første gong, og syntest at den frityrsteikte svartrota smakte som ein mellomting mellom potetgull og bacon!

Les om svartrot på heimesida til Agder naturmuseum og botaniske hage: Agder naturmuseum

Du finn også litt om skorsonerrot t.d. på nettsida ABC/Matoppskrifter: ABC/Matoppskrifter

Elles finn du interessant stoff på denne svenske nettsida:
Grön gastronomi

LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no