skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Potetpudding og andre potetfreistingar

Poteten kan brukast til så mykje, og det meste er godt! Her finn du oppskrifter og anna stoff om potet frå radioserien "Mat med Mindor".


Av Odd Sørås. Publisert 22.10.2004 12:18. Oppdatert 16.11.2004 10:13.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Tre potetprogram: ver så god!

Tre onsdagar på rad har radiokokk Mindor Klauset og programleiar Odd Sørås hatt potet som tema for "Mat med Mindor" i formiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal. Her kan du lese om litt av det vi har snakka om i desse programma, ikkje minst finn du oppskrifter det kan vere vel verdt å prøve. Programma kan du høyre ved å bruke lydlenkjene ovanfor.



Litt potethistorie

Poteten kom frå Andesfjella til Spania midt på 1500-talet. I Europa var det irane som først tok opp potetdyrking i stort omfang. Alt på 1600-talet var poteten vanleg i Irland, i resten av Europa slo han ikkje gjennom for alvor før på 1700-talet.

Til Noreg kom poteten midt på 1700-talet. Det var då vi fekk uttrykket "potetprest", fordi mange prestar var kunnskapsrike og framtidsretta og såg at dette kunne bli ei matvare som eigna seg for det norske jordbruket. I Møre og Romsdal har vi rapportar om potetdyrking frå ca. 1750. I løpet av åra 1800-1850 blei poteten vanleg på desse kantar.

I dei siste femti åra har potetforbruket i Noreg gått jamt nedover, men det er ting som tyder på at nedgangen kan ha stansa. Så mykje som 1/3 av den poteten vi konsumerer i dag blir eten i form av chips og potetgull.

*******

Potet og flesk

Vi får oppskrifter både skriftleg og i telefonen. Her er ein spennande rett vi har fått med e-post:

Hei Odd og Mindor!

Haurde på programmet dykkar i dag der dykk snakket om poteter og potetretter. Eg fikk ofte servert steikt "poteter og flesk" av bestemora mi, og det synest eg var veldig godt og vil derfor dele oppskrifta med dykk. Retten kan godt brukast som mat til kveldskosen, men bestemor brukte den som middag med ei eller annan suppe til, og ho brukte bacon istadenfor flesk.
Oppskrifta er svært enkel og er som følgjer:

Skrellet rå poteter og 1 stykke bacon
Skrell og skjær i skiver så mange poteter man har behov for, og skjær baconet i terningar.
Steik baconet i litt margarin i ei steikepanne, og ha i potetskivene som du då steikjer i baconfettet. Ha baconet tilbake i steikepanna mot slutten, og så er det bare å nyte måltidet. Bestemor brukte ikkje noko krydder på, men det er jo ein smaks sak.

Takk for eit flott program som eg høyrer på kvar onsdag, og som gir mange gode råd om det meste.
Helsing Aase Dimmen, Hjørungavåg.


Potetpudding

Torstein Rørset frå Midsund fortalde i "Mat med Mindor" 27. oktober om denne retten:

Mal rå potet med litt morrpølse i lag med. Tilset smør, litt løk, salt og pepar (ikkje mjøl!). Hell røra i form og steik ho i omnen ved omkring 200 grader til puddingen blir varm oppå - brukar du varmluft, tek det ca. tre kvarter. Rørset brukar litt strøkavring på toppen. Ver merksam på at denne røra er flytande og mykje tynnare enn ballrøre.


Potet og flesk

Aase Dimmen frå Hjørungavåg har sendt oss dette brevet:

Høyrde på programmet dykkar i dag der de snakka om potet og potetrettar. Eg fekk ofte servert steikte "potetar og flesk" av bestemora mi. Det syntest eg var veldig godt og vil derfor dele oppskrifta med dykk. Retten kan godt brukast som mat til kveldskosen, men bestemor brukte den som middag med ei eller anna suppe til, og ho brukte bacon i staden for flesk.

Oppskrifta er svært enkel og er som følgjer:

Skrella rå potetar og eit stykke bacon

Skrell og skjær i skiver så mange potetar du har behov for, og skjer baconet i terningar.

Steik baconet i litt margarin i ei steikepanne, og ha i potetskivene som du då steikjer i baconfettet. Ha baconet tilbake i steikepanna mot slutten, og så er det bare å nyte måltidet. Bestemor brukte ikkje noko krydder på, men det er jo ei smakssak.



Amerikansk potetsalat

frå Margrethe Aure, Sykkylven:

7-8 kokte, faste potetar
3-4 hardkokte egg skorne i båtar
hakka sylteagurk
litt grasløk
1 pose majones
litt av krafta frå sylteagurken

Bland det saman med to gaflar.



Og her er endå fleire gode forslag til potetrettar frå radioprogrammet 27.10:


Målfrid Høgstadvoll, Larsnes, har desse matminna frå barndommen i Møstavågen på Frei:

Kleppfesk og stapp

Mor hennar brukte å lage potetstappe med steikt flesk attåt klippfisken. Ho laga alltid ekstra mykje, for dagen etter blanda ho saman det som var igjen av klippfisken og stappa og steikte det i fleskepanna - det skulle brunast godt!

Attåt saltfisk ville far hennar alltid ha suppe, og då brukte dei havregrynsuppe (laga av lettkokte havregryn) med eddik og sukker oppi.



Margit Dalseth, Ålesund, har dette barndomsminnet frå Eresfjorden:

Lutefisk med potet på potet

Stryk godt smør på potetlefsa, legg lutefisk og potetstappe inni og rull det i hop. Herleg!

Mindor Klauset har fleire gonger gjort oss merksam på kor godt potetstappe smakar attåt all slags fisk, også fersk fisk. Reidun Flø frå Ulstein fortel at ho alltid brukar potetstappe attåt fisk. Når dei serverte borna sine stappe i lag med fisken, gjekk det ned på høgkant!



Petra Hauge Husøy frå Haugsbygda i Sande har dette tipset om ein svært enkel og velsmakande rett:

Råsteikt potet i båtar

Hell litt olje i langpanna. Petra brukar solsikkeolje eller soyaolje. Skrubb potetane, men la dei behalde skalet på. Skjer kvar potet i 5-6 båtar. Vend potetbåtane etter kort tid så den kvite sida vender opp. Du krydrar med det du likar - Petra brukar ei ferdig krydderblanding ho synest er god.

Steiketid: ca. 20 minutt. Varme: 150-200 grader.

Dette er så godt at det er ein fullverdig rett i seg sjølv, men kan også brukast attåt seibiff og annan fisk, biff og kylling.

Mindor foreslår at ein kan bruke mandelpotet som søndagsversjon. Han seier at ein også kan presse litt sitron oppi og bruke olivenolje og kvitløk. Her er det fritt fram for å eksperimentere!



Janssons frestelse

Vi kan trygt seie at dette er ein av dei svenske nasjonalrettane. Eva von Post i Ålesund har gitt oss denne oppskrifta, som kan passe til 4 personar:

5-6 store potetar som du skjer i strimlar
10 heile ansjos eller 20 filetar
Løk
3 dl fløyte

Legg først eit lag potetstrimlar i ei eldfast form og så løk skoren i ringar. Legg ansjosen over, deretter potet igjen osv. slik at det blir to eller tre lag med ansjos. På toppen må det vere eit lag med potet.

Hell halvparten av fløyten over og set forma i omnen ved 200-225 grader. Etter ca. 20 minutt i omnen tar du Frestelsen ut og slår resten av fløyten over. La han stå i omnen i ca. 25 minutt til. Du kan også strø grillmjøl over når det er 10 minutt igjen av steikjetida. Retten er ferdig når poteten er blitt mjuk.

Eva von Post seier at dersom du vil ha sterkare smak, kan du slå i litt av laken frå ansjosboksen/glaset.

*****

Ian Davies frå Valldal ringde også til oss i programmet "Mat med Mindor" 20/10 og fortalde om ein liknande finlands-svensk rett som han kalla Janssons frestelse. Det protesterte vår svenske venninne Eva von Post på, og for å unngå samanblanding, kallar vi retten til Ian Davies for "Sill-låda". Godt er det i alle fall!


Sillåda

1 kg vaska potet med skalet på
200 g nedlagt sild
(passar til 4 personar)

Skjer poteten i skiver som er ca. 1,5 cm tjukke. Hell litt olje i botnen av ei eldfast form og legg potetskivene oppi. Legg sildefiletane mellom potetskivene. Er filetane breiare enn 2 cm, skjer du dei på langs i 1 cm breie strimlar. Dryss litt pepar over, og ørlitegrann salt. Legg i to laurbærblad, og slå i vatn til det står ein cm over poteten. Set forma i omnen med lokk på ved 175 grader. Ta av lokket etter ca. ein time og la forma stå i omnen endå eit kvarter til vatnet har dampa ut. Retten er ferdig dersom poteten går sund når du stikk ein gaffel i han.

Ian Davies seier at vil du vere ekstravagant,kan du rive ein litt sterk gulost oppi på slutten av opphaldet i omnen. Han hevdar elles at kornøl eller bayer smakar godt attåt denne silderetten, og det vil nok mange vere samde i!

********

Emma Breivik i Gurskebotn gjekk på Folldal kommunale husmorskule vinteren 1938/39. Frå den tida har ho mange gode oppskrifter med potet som ho gjerne vil dele med oss:


Potet-terte

Originaloppskrifta er henta frå boka "Matstell" av Ragna Knutsen (Oslo 1938)

100 g kokt potet
100 g margarin
100 g kveitemjøl

Fyll:
150 g tørka eple ( I dag vil vel dei fleste bruke vanlege eple)
½ l vatn
1 dl sukker
Sitronsaft (originaloppskrifta seier 1 ts sitronsyreoppløysing, men i dag vil vi nok presse litt sitronsaft).

Glasur:
100 g melis
1-2 ss vatn

Pynt:
krem av 1 ½ - 2 dl kremfløyte

Ha poteten, margarinen og mjølet i eit fat og elt det til ein jamn deig. Del deigen i tre. Så kjevler du kvar deig til ein tynn leiv og skjer ut med eit lokk eller ein asjett så alle tre leivane blir like store. Legg dei på ei plate med steikepapir. Prikk leivane med gaffel. Set dei i middels varm omn (160-170º) og lat dei stå til dei blir lysebrune og sprø.

Dei tørka epla i originaloppskrifta skulle liggje i vatn natta over, men du kan berre skjere bitar av vanlege eple og koke dei heilt møre (ikkje for mykje vatn). Du kan også ha svisker i om du vil. Gni epla godt inn med blandinga av sukker og sitronsaft.

Med tre leivar oppå kvarandre blir det to lag med fyll. Piska krem oppå eplefyllet er godt.

Sikt melisen, rør vatn i til ei tjukk blanding, tilset evt. konditorfarge. Dra glasuren utover frå midten av kaka med varm kniv. Bruk ei kremsprøyte og pynt kaka oppå og på sidene.


Desse oppskriftene byggjer på skriveheftet som Emma Breivik har frå husmorskuletida:

Potetkarbonader

½ kg kokt potet som kan malast ellar knusast
¾ dl mjølk
1 – 2 egg
2 ½ ss kveitemjøl
2 ½ ss potetmjøl
1 finhakka løk, kan også malast i lag med poteten.

Form deigen til karbonader som du steikjer i panna. Dryss litt pepar på. Attåt brukar du 150 g lettsalta flesk som du hakkar i små terningar og brunar. Steikefeittet er godt i lag med karbonadene.

Spekemat med stua potet

Kok poteten først (ikkje for mykje) og skjer han i terningar.

Så lagar du kvit saus på vanleg måte, med litt salt og litt sukker og ørlitegrann pepar i, og gjerne grasløk. Ein gyllen regel er å smake til sausen før du har poteten oppi, då slepp du at poteten blir sundmasa. La så poteten koke litt i sausen.

Server med heimbaka flatbrød. Attåt spekeskinka eller spekelåret er dette både husmannskost og herrekost!


HASHED POTATOES

Ein lyttar ringjer og fortel at han i Canada fekk ein herleg potetrett som dei kalla "hashed potatoes" – altså ikkje "mashed potatoes", som er potetstappe. Her er nokre oppskrifter:

OPPSKRIFT 1

4 middels store potetar
2 ss smør
2 ss mjølk
1 ½ ts salt
Skjer opp eller hakk kokte, kalde potetar og legg dei i ei smurt panne. Strø i saltet og bland potetane med dei to skeiene med smør. Set panna i heit omn til blandinga blir brun og fin. Rør rundt, tilset mjølka og la det stå og brune igjen. Rør på ny og brun potetane for tredje gong.


OPPSKRIFT 2

4 koppar finhakka eller riven potet
2 ss hakka løk
¾ ts salt
1/8 ts pepar
2 ss smør
¼ kopp varmt vatn
persille

Bland potet, løk, salt og pepar. Smelt smøret i ei tung og glatt steikjepanne og slå i det varme vatnet. Legg potetane i eit tynt, jamnt lag og la dei steikje sakte til dei får ei gyllenbrun skorpe. Brett potetane som ein omelett, legg dei på eit varmt fat og pynt med persille.


OPPSKRIFT 3

4 middels store potetar som er skrelte, kokte og kalde
6 ss smør
1 stor løk som du skjer i tynne skiver
salt og pepar

Riv potetane på eit middels grovt rivjarn så dei fyller tre koppar. Smelt smøret på middels varme i ei tung steikjepanne. La løkskivene liggje i panna til dei blir gjennomsiktige, ca. 5 minutt. Hell potetane oppi og rør dei i hop med løken, legg godt med trykk på sleiva. La blandinga liggje i panna over svak varme i 25-30 minutt til potetane blir sprø og brune på undersida. Skjer gjennom potetane frå kanten av panna mot midten. Stikk varsamt steikjespaden under bitane og snu dei ein for ein. La dei bli brune igjen. Legg dei på eit fat og strø salt og pepar over.






Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no