I radioprogrammet "Mat med Mindor" 18. februar snakka vi om to så ulike rettar som brødgraut og kams. Du kan høyre programmet og lese om innhaldet her:
Har du tips, oppskrifter eller spørsmål til radioprogrammet eller nettsida vår om mat, så skriv gjerne til oss:
Skriv til "Mat med Mindor"
Brødgraut
Romsdalsmuseets Bjørn Austigard er i ferd med å samle stoff om matretten brødgraut og tradisjonane omkring den. Han er interessert i opplysningar frå heile fylket, så berre ring Romsdalsmuseet i Molde:
71 20 24 60.
Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr Bjørn Austigard fortelje om brødgraut og brødgrauttradisjonar. Her er ei oppskrift på brødgraut som vi har henta frå heftet "Oppskrifter frå fylket vårt" som Møre og Romsdal Bondekvinnelag gav ut for mange år sidan.
Brødgrautoppskrift frå Skuløy Bondekvinnelag
Saup
Mjølk (om saupen er mykje sur)
Rømme (ikkje alltid)
Må ikkje koke så kosten blir hard
Ha i sukker og sirup etter smak
Ha i grynmjøl eller kveitemjøl, nok til at det får konsistens som graut
Kok til det har fått litt farge
Om sumaren då dei ikkje fekk levere laurdagsmjølka, vart det kinna heime. Brødgraut var litt av ein delikatesse med flatbrød og nykjerna smør. Brødgraut vart òg brukt attåt middag, særleg om våren når poteten var dårleg. Brødgraut var òg godt attåt fisk.
*****
Ein annan gjest i radioprogrammet var Willy Solvang frå Kvamsøya - ein av våre beste kokkar som no driv sin eigen restaurant i Ålesund. Han snakka varmt om kams - høyr han i programmet ovanfor!
Kams
Kams er ein leverball som kan lagast på mange forskjellige måtar. Her er ei oppskrift som Eldri Emblem i Ålesund har sendt oss:
KAMS FRÅ RØSOK PÅ HARØYA ELLER DRØNNESUNDET PÅ DRYNA
1 kopp kefir
1 lever
litt rogn
grynmjøl
kveitemjøl
1 ss sirup
2 ts sukker
1 ts karve
salt
1 god neve med spekekjøt i små terningar
Deigen må vere fast
Kok ballane i vatn med fiskekraft
Kva kjem namnet kams av?
Det heng saman med eit eldgammalt ord for å elte, kna, trykkje i hop. Vi finn ordet i dei nordiske språka, men også som låneord i finsk og samisk. Kams er kjent i store delar av Sverige, men ikkje alltid som leverball. Kams kan vere mjølball, potetball eller blodball, ja blandaball også. Svenskane har også andre ord for det nordmenn kallar kams, ball, kumle eller kumpe, men det får vi ta att ein annan gong.