skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Verdas nest beste matrett

Arnstein Hansen frå Ålesund - kokk, restauratør og hjelpearbeidar i konfliktområde i mange år - var gjest i Mat med Mindor onsdag 14. januar og proklamerte to sanningar: Prinsefisk er verdas nest beste matrett - og: Kjøt er kjøt, men fisk er mat!


Av Odd Sørås. Publisert 16.01.2004 15:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:


Høyr programmet her:


Arnstein Hansens prinsefisk

At prinsefisk er den nest beste matretten i verda, har vi Arnstein Hansens ord for. Men han må vere laga av hyse!
Hyse må til!


Skjer fisken i ikkje altfor store bitar(to små er betre enn ein stor). Han må vere totalt skinn- og beinfri! Vend fiskebitane i mjøl med salt, pepar og anna krydder etter smak, ha olje eller margarin i panna og steik til det blir lett brunt. Når du har snudd fiskebitane, legg du på ein liten klatt smør og lar det småboble litt til. Bruk ein kvit saus attåt - det kan gjerne vere ein ferdigsaus som er litt nøytral i smaken. Kok potet og gulrøter til.

Du må ikkje steike fisken for lenge. Han må ikkje stå og vente på at poteten skal bli ferdig. Arnstein Hansen ventar med å steike fisken til poteten er ferdig. Set steikepanna på bordet og la folk forsyne seg!

*****
Arnstein Hansen kan også anbefale ei velsmakande

Breiflabben - ikkje noko å sjå på, men smakar herleg!

Flabbegryte

Brån smør(og med smør meiner han smør!), skjer selleri, purreløk, løk og gulrot i litt store bitar og la dei frese lett i smøret - det må ikkje brunast!
Lag ein kvit saus, så tjukk at han liknar rømmegraut. Bland inn litegrann buljongpulver, det gir ein fin smak. Skjer breiflabbfilet (må vere fast i fisken) i bitar så store som for eksempel eit telys, legg dei rå oppi sausen og la dei ligge og trekkje i ca. 20 minutt. Rør varsamt i gryta. No trekkjer det seg væske frå fisken ut i sausen og smak frå sausen inn breiflabben. Grønsakene set farge på retten og aukar nytinga!


Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no