skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Juldagslefse, tynnkak, sirupsteik m.m.

Radioprogrammet "Mat med Mindor" får dei lekraste julematoppskrifter frå lyttarane - her finn du alt saman!


Av Odd Sørås. Publisert 19.12.2003 11:29. Oppdatert 02.01.2004 10:05.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Onsdag 17/12 hadde vi telefonprogram om julemattradisjonar frå Møre og Romsdal. Og telefonkøen blei lang fram til radiokokk Mindor Klauset og programleiar Odd Sørås! Vi fekk høyre om juldagslefse, tynnkak, sirupsteik, svinenakkerull, heimelaga marsipan osv. Vi kan ikkje gje att alt som var sagt skriftleg - her må vi nøye oss med eit par oppskrifter. Men klikk på lydlenkja ovanfor og høyr på programmet, så kan vi love deg at du blir svolten!

I programmet fortel Karstein Breivik frå Aukra om denne oppskrifta frå Harøya der han kjem frå:

Sirupsteik

Den blir brukt til julekveldsmat i lag med saueribba.

Kokt, fint oksekjøt blir karva i bitar og kokt godt inn med kraft frå syltaflesk- og sauerull-laging i ei jarngryte. Tilset gjerne også sjy frå saueribba. Når kjøtet er kokt godt inn med krafta, slår du godt med lys sirup over (ein kilosboks kan vere passe). Rør godt i hop og la kjøtet surre godt i sirupsblandinga. Sirupsteika skal etast i lag med saueribba innrulla i potetlefse som betar.

På nettsidene til NRK Trøndelag har vi også funne ei oppskrift på sirupsteik, men denne er mykje annleis.

Sirupsteik på ein annan måte

*****

Betzy Skuggevik Nilsen frå Gyl i Tingvoll gav oss denne oppskrifta:

Svinenakke som julepålegg

Ta nakken av 1/2 gris. Bein ut nakken, del han i to og gni inn med salt og pepar. Skjer ikkje av frynsene, berre pakk det godt i hop. Pakk kjøtet inn i klede, surr begge vegar så det blir rutete.

Legg det så i lake av 5 l vatn og 1 kg grovsalt med 15 gram salpeter slik at det blir eit raudskjær. Lat det liggje i laken 3-4 døgn. Skyll det godt og kok det i ca. 2 timar. Legg det i press i brødpanna natta over. Frys ned.

Eit svært velsmakande og populært pålegg, seier Betzy Skuggevik Nilsen.

*****

Lars Kvalvaag frå Gjemnes fortalde om "tynnkak" - ei delikatesse som mange sikkert er interesserte i å prøve. Vi har også fått ei detaljert oppskrift på denne tynnkaka frå Marit Hoem i Molde.


Tynnkak fra Kvalvåg i Gjemnes

2,5 kg hvetemel
0,75 kg siktet rug
375 g sukker
375 g smult (viktig!)
150 g gjær
2,7 l melk
4-5 pk. hel anis

Kjevles ut til runde kaker, 18-20 cm i diameter. Bruk et trinsehjul og rull over slik at den runde kaka kan brytes i fire ved servering. Pensles med egg. Noen foretrekker også å strø anis over. Stekes lysebrune i ca. 15 minutter ved 180-200 grader (i gamle dager ble de stekt i steinovn).

Til tynnkaker hører godt smør, brunost eller gjerne en av våre gode gulosttyper: edamer, vellagret gouda eller ridderost. Er en så heldig å ha spesialiteter som mølsgraut eller søst, er måltidet komplett!

Radioprogrammet MAT MED MINDOR er på lufta igjen i formiddagssendinga 7. januar. Vi vil gjerne ha forslag til mat-tema:



LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no