skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

"Eilevsbrød" og annan brødmat

"Mat med Mindor" på radio og Internett gir deg oppskrifter og tips om korleis du kan bake velsmakande brød - her finn du bl.a. ei velprøvd oppskrift frå Linge.



Publisert 03.11.2003 13:48.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:




Brødelskaren Morten Schakenda: Gi deg tid!

I radioprogrammet om brød 29/10 deltok Morten Schakenda frå Gjerdsvika i Sande - meisterkokk og deltakar på kokkelandslaget som gav etter for brødinteressa og begynte som bakarlærling. No driv han "Åpent bakeri" i oslo og er i ferd med å etablere bakeri i Lom. Klikk på lenkja ovanfor og høyr hans gode råd om brødbaking, ikkje minst understrekar han at det skal ta tid å bake gode brød!

*****

Eilevsbrød

Inger Marie Linge har gitt oss denne oppskrifta. Ho kallar det "Eilevsbrød" fordi garden hennar på Linge heiter Eilevsgarden. Då ho gjekk på skulen i 1950-åra, ville alle byte brødskiver med henne, så godt var dette brødet.

I denne oppskrifta er det eit par ingrediensar som ho har lagt til seinare: kveitekim og soyaolje.

3 auser (delar) kveitemjøl
2 " grov rug
2 " grov kveite
1/3 pk kveitekim
havregryn
1 pk gjær + lunka vatn
1 l surmjølk + margarin
litt soyaolje


Har du tips og oppskrifter om brød? Send oss nokre ord på e-post

Skriv til Mat med Mindor

eller ring telefonsvararen vår: 811 50 520


Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no