Kanskje er det så mange som 1/2 prosent av oss som lir av cøliaki - dvs. at fordøyingsorgana våre ikkje tåler proteingruppa gluten som finst i dei fleste kornslaga. I dag finst det glutenfritt mjøl i handelen som gjer livet lettare for dei cøliakilidande.
Gode råd om glutenfri brødbakst
I radioprogrammet Mat med Mindor 22. oktober fortalde Kristin Leira frå Sykkylven om korleis ein kan gjere brød av glutenfritt mjøl så delikate som råd. Høyr programmet ved å klikke på lenkja ovanfor, men ver merksam på at vi snakkar litt om viltmat i starten av programmet!
Internettside om cøliaki
Kristin Leira driv ei internettside til hjelp for alle som lir av cøliaki og dei som skal hjelpe dei med å få til eit kosthald dei kan leve med. Her kan du finne mange gode oppskrifter, lister over serveringsstader og butikkar som har gode tilbod for dei som treng glutenfri mat osv. Nettsida til Kristin Leira finn du her:
Kristin Leiras cøliakiside
MMM - i radioen kvar onsdag klokka 11.40
Radiokokk Mindor Klauset og programleiar Odd Sørås snakkar om alt som har med mat å gjere. Har du tips om glutenfri bakst og annan brødbakst, kan du skrive til oss her:
Skriv til oss
Du kan også ringje inn tips på den automatiske telefonsvararen 811 50 520.
Elles må du gjerne komme med forslag om andre tema vi kan ta opp i programmet og på nettsidene våre.