Av
Egil Torheim og
Eli Bjelland
Meir Godt for ganen
Dei fleste har sin spesielle variant av denne klassikaren, og det er sikkert heilt umogleg å avgjera kven som lagar dei beste kjøtkakene.
Men ein ting er sikkert. Alle heimelaga variantar smakar betre enn industrivarianten som du får kjøpt i butikken.
Set difor av nokre timar ein dag og lag opp kjøtkaker i store mengde, frys, og du har rask og enkel middag når uventa besøk dukkar opp.
Her er Pål Drønen sin kjøtkakevariant, og han lagar dei med lauk.
Slik gjer du:
Bland to medium kepalauk, 1 pakke kjøtdeig på 400 g. og 3 egg raskt saman i kjøkenmaskin eller ved hjelp av miksar.
Ha i 1 ss potetmjøl og litt salt og pepar og køyr raskt gjennom kjøkenmaskina på nytt.
Smelt meierismør på steikepanna på medium varme til smøret blir gyllent.
Form farseblandinga til kaker. Bruk ei skei som du har i vatn mellom kvar kake. Steik kakene på låg varme og bruk heller litt ekstra tid.
Heimelaga saus
Etterpå lagar du sausen. Du kan sjølvsagt bruka ein pose, men aller best smakar den som er laga frå botnen av.
Smelt smør og mjøl i ei gryte. Tilsett litt mjølk eller vatn og 1 stk. buljongterning eller anna kjøtkraft om du har det.
La dette koka inn, tilsett krydder etter eige ønskje og la kjøtkakene trekka i sausen.
Grøn erterstuing
Denne retten skal serverast med grøn erterstuing som du lagar sjølv. Det smakar mange gongar betre enn posevarianten.
Legg ein pakke erter i kaldt vatn natta over. Sil av, fyll med nytt vatn og kok i omlag ein time. Tilsett 1 ss smør, salt og pepar om du ønskjer det og ein liten fløyteskvett. Stauk dette saman til ein grov stuing.
Server kjøtkakene med kokte poteter.