skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Jul 2002 3_1
Her er du: NRK.no > Jul Sist oppdatert 11:58
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 

Juleevangeliet på høgnorsk

Dette er juleevangeliet (berre Lukas 2.1-14) på nynorsk etter 1938-rettskrivinga.

Publisert 28.12.2001 18:47. Oppdatert 29.11.2002 11:48.
I dei dagane lèt keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi. Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria. Då fòr alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet. Josef og fòr frå Galilea, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judea, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hsu og ætt - og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn, og med dei var der, bar det so til at tidi hennar kom, og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt deim i herbyrget. Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti. Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande redde; men engelen sagde til deim: Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren! Og det skal de hava til merke: De skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba. Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:

Æra vere Gud i det høgste,
og fred på jordi,
og hugnad med menneske!


Kjelde: Ivar Aasen-sambandet

Siste saker:
Flere saker: ALT OM JULEEVANGELIET

 
Månetoppen
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no