skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Jul 2002 3_1
Her er du: NRK.no > Jul Sist oppdatert 11:58
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 
Samleside: JULESONGAR PÅ NYNORSK

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld.
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.

Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds son, vår sonar
som døden for evig batt.

Tekst: Jakob Sande

Å jul med di glede og barnlege lyst
vi ønsker deg alle velkommen!
Vi helsar deg alle med jublande røyst:
Ti tusende gonger velkommen!

Vi klappar i hendene,
vi synger og vi lær,
så glad’ er vi, så glad’ er vi,
vi svingar oss i krinsen og neiar.

De austerlands vise som stjerna fekk sjå,
vi veit kvar de lengtar å fara.
For vi vil òg gjerne til Betlehem gå,
må de ferdafylgjet vårt vara!

Vi klappar i hendene…

Så rekkjer eg deg no med glede mi hand,
kom skund deg og gjev meg den andre!
Så knyter vi kjærleikens heilage band
og lovar å elska kvarandre.

Vi klappar i hendene…

Gustava Kielland, omsett av Bernt Anker

Her kjem me, dine arme små,
vår Jesus, til din stall, å sjå.
Send oss ditt Ijos i hjarta inn,
så vegen fram til deg me finn!

Med song så spring me deg imot
og kysser støvet for din fot.
å signa stund, å sæle natt,
då du vart fødd, vår sjele-skatt!

Velkomen frå din himmelsal
ned til vår tåredimme dal,
der dei deg inkje anna gav
enn stall og krubbe, kross og grav!

Men Jesus, å kor går det til
at då så fåe kjenna vil
den kjærleik himmelhøg og stor
som drog deg til vår arme jord?

Så drag oss til ditt hjarta nær,
vår sjeleven så god og kjær,
så kvar av oss så inderleg
i hjartans tru må fagna deg!

Lat ikkje verdi med si makt
oss draga frå vår dåp og pakt;
men gjev, vår lyst og lengting må
til deg, til deg åleine stå!

Så skal me syngja sigersong
med alle heilage ein gong,
og i ditt sæle paradis
deg prisa høgt på englevis.

Her står me no i flokk og rad
kring deg, vårt fagre hjarteblad.
Å, hjelp at me og alle må
i himlen kring din kongsstol stå!

Hans Adolf Brorson, omsett av Elias Blix

Glade jol, heilage jol!
Englar kjem frå Guds kongestol.
Blomar ber dei frå Paradis,
fint og fagert dei syng Guds pris.
:/: Løynleg i kring oss dei gjeng. :/:

Jolebod, gledeleg bod
tonar til oss med himmelljod,
song av englar som hyrdingar såg
den gong Jesus i krubba låg.
:/: Songen av englar er sæl. :/:

Fred på jord, frygd på jord!
Jesusbarnet det er vår bror.
Englar syng om hans herlegdom,
han hev reidt oss i himmelen rom.
:/: Songen av englar er sæl. :/:

Sæle fred, himmelsk fred,
jolekvelden til jord kom ned.
Englar syng om den fred dei såg,
syng om han som i krubba låg.
:/: Gled deg, kvar sjel han hev frelst! :/:

Bernhard Ingemann, omsett av Bernt Støylen

Fager er den himmel blå,
sælt det er å skoda på
kor dei gylne stjernor blinkar,
kor dei smiler, kor dei vinkar
:/: oss frå jordi opp til seg. :/:

Det var midt i jolenatt,
kvar ei stjerne blinka matt,
men med eitt på himmelboge
stråla det så bjart ein loge
:/: som ei liti stjernesol. :/:

Når den stjerna ljos og blid
viste seg ved midnattstid,
gjekk frå gamalt ordi slike,
at ein konge utan like
:/: skulle fødast på vår jord. :/:

Vise menn frå austerland
ferdastaven tek i hand,
denne kongen vil dei finna,
denne kongen vil dei vinna
:/: og for honom bøya kne. :/:

Og til Davids by dei kjem,
finn han der i Betlehem,
utan kongestav og krone,
der det sit ei fattig kone,
:/: voggar barnet på sitt fang. :/:

Stjerna leidde sant og visst
vise menn til Jesus Krist.
Me har og den same stjerna,
vil meg berre fylgja gjerna,
:/: finn me til vår Frelsar fram. :/:

Denne stjerna bjart og mild,
som kan aldri leia vill,
er det glade og det store
fagnadbod i bibelordet
:/: til å lysa for vår fot. :/:

Tysk, omsett av Bernt Støylen

Eg synger jolekvad,
eg er så glad, så glad!
Eg ser min Jesus kvila
som barn i ringe kår,
på moderfanget smila
som soli varm og klår.
:/: Han er Frelsar min! :/:

Kom, vesle barn, til meg,
eg lengtar etter deg!
Kom, du som sorg kan linna,
stig inn om her er smått,
lat meg deg sjå og finna,
då får eg det så godt!
:/: Drag meg etter deg! :/:

Kor er Guds kjærleik stor,
Guds son er no vår bror!
For me i synd var selde
og låg i trælestand,
han knuste daudens velde
og opna livsens land.
:/: Eia, var me der! :/:

Kvar er vel gleda slik,
som opp i himmerik,
der englesongen tonar
til harpor utan tal
frå alle millionar
i himlens kongesal!
:/: Eia, var me der! :/:

Marie Wexelsen, omsett av Bernt Anker

Eg er så glad kvar jolekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste stjerna som ei sol,
og englar song så søtt.

Det vesle barn i Betlehem,
han var ein konge stor,
som kom frå høge himmelborg
ned til vår arme jord.

No bur han i sin himmelheim,
han er Guds eigen son.
Men alltid minnest han dei små
som bed med tru og von.

Eg er så glad kvar jolekveld,
då syng me Jesu pris,
då lèt han opp for alle små
sitt vene paradis.

Ho mor, ho kveikjer alle ljos,
dei skin i kvar ei krå;
for heile verdi, seier ho,
skal jolestjerna sjå.

Ho seier stjerna skin enno
og aldri slokna kan,
og får ho skina på min veg,
så finn eg himlens land.

Ho seier alle englar syng
enno om fred på jord,
at himlen like open er,
Guds kjærleik like stor.

Å, gjev eg kunne syngja så,
då vart visst Jesus glad,
for eg vart òg Guds kjære barn
ein gong i dåpens bad!

Eg er så glad kvar jolekveld,
så glad i Jesus Krist,
og at han også elskar meg,
det veit eg sant og visst.

Johan Krohn, omsett av Bernt Anker

Du grøne, glitrande tre, god dag!
Velkome, du som me ser så gjerne,
med joleljos og med norske flagg
og høgt i toppen den gylte stjerne!
:/: Ja, ho må blenkja, så me må tenkja :/:
:/: på Jesus Krist. :/:

Den fyrste jol i eit framandt land
den store stjerna på himlen lyste.
Ho skulle syna for alle mann
den ringe heim som vår frelsar hyste.
:/: I stjerneglansen gjekk engledansen :/:
:/: om Betlehem. :/:

Om Jesusbarnet fortalde mor
om kvelden heime, når me var inne.
Me veit hans bod og hans milde ord,
og aldri dei skal gå oss or minne.
:/: På han me tenkjer når stjerna blenkjer :/:
:/: på joletre. :/:


 
Månetoppen
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no