OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Portrett | Oppdatert 22.11.2004 15:22 |
| Operaelskaren frå Styggemyr Publisert 02.02.2001 14:11 - Oppdatert 30.11.2001 10:27
Då læraren dagen etter spurde dei sju elevane sine kva dei gjorde i fritida si, t.d. i går, strekte Leiv handa si opp og fortalde at han hadde høyrt på opera av Caruso. Læraren skvatt, la ned boka han hadde i hendene og gjorde resten av timen til ei oppleving for vesle Leiv. I inspirerte ordelag fortalde læraren om våre store operakomponistar. Ei ny verd opna seg for gutungen. Operaen kom til skogsbygda. Ingen gard, inga kone.I bygda Leiv vaks opp i, jobba folk for andre i skogen. Men Leiv hadde draum om ei anna framtid: Å bli bonde på sin eigen gard. Det vart det aldri pengar til. Dermed vart det heller inga kone. Så Leiv vart verande i bygda som skogsarbeidar. Lenge var bygda utan utan vei og telefon, så bruk etter bruk vart nedlagt. Då veien endeleg kom, var det berre Leiv igjen.
Operadraumen.Ein dag kom ein journalist til Leiv Bakke. Arvid Johansen ville intervjua om den avfolka bygda. Det var sommar, engene var fulle av fioler og hesten beita på bøen. Ein katt koste seg i sola og Bakke fortalde om sitt liv i skogen. Men - før han for sin vei, spurde journalisten om han hadde ein draum nå? Svaret han ga, fekk Johansen til å laga ein av sine finaste reportasjar. Leiv Bakkes ynskje var å få sitja på første rad i operaen i Wien. 14 dagar etter kom biletten til Wien.Av Åshild Ulstrup På livet laus, NRK P2, 4. februar 2001 |
08.11.2001 13:37 Allen Ginsberg og Jack Kerouac 05.09.2001 11:03 Egil Ulateig 31.08.2001 12:40 Alfred Nobel 16.05.2001 09:15 Atomoffer – uten å vite |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 22.12.2008 04:24 |