OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portrett

Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Portrett

Oppdatert 22.11.2004 15:22

PORTRETT

SAMFUNN
 

Berømt far og ukjend dotter

Galileo, Maria Celeste (1600-1634)

Publisert 19.01.2001 16:09 - Oppdatert 25.05.2001 11:51

- Ei kvinne med framifrå åndsevner, eineståande varmhjarta og inderleg knytt til meg.

Det er Galileo Galileis eigne ord om eldste dotter si, Maria Celeste, som han plasserte i kloster da ho var 13 år, fordi ho ikkje kunne giftast bort: ho var fødd utanfor ekteskap. Og stemma hennar når oss gjennom hundreåra, fordi 124 brev ho skreiv til faren er tatt vare på, inne frå det klosteret som ho kallar eit fengsel.


Ho var døypt Virginia, til klosteret kom ho i 1613. Maria Celeste var namnet ho tok som nonne. Og frå klosteret, San Matteo nær Firenze, skreiv Maria Celeste breva til far Galileo.

Kjærleik og kvite kragar

Dei fortel om stor kjærleik mellom far og dotter, om produksjonen hennar av alt frå kandisert frukt og søte kaker til medisin og dei kvite stivakragane Galileo har rundt halsen på bilde vi ser av han. Når han er ute på reise administrerer ho hans hus,hage og økonomi frå klosteret – som ho aldri kunne setja sin fot utanfor:

- Eg vil også gjerne vite kor mykje høy eg skal kjøpe til det vesle muldyret, for hushjelpa fryktar at ho skal døy av svolt, og foret er ikkje godt nok for henne, for ho er eit særeigent dyr.

Inkvisisjonens skugge

Ho bekymrar seg om helsa hans når byllepesten herjar Europa, om kyrkjepolitikk og ikkje minst om farens mektige fiendar: For etter at Galileo i året 1609 sette opp teleskopet han hadde laga etter ide frå Holland i hagen bak huset sitt og retta det mot himmelen, var han i ei risikosone, han kom i inkvisisjonens søkelys.

Etter netter i eksaltert undring, og etter å ha sett fire måner sirkle rundt Jupiter, stemde han i:

- Eg sender min uendelege takk til Gud, for at han er så generøs å la meg vera den første som ser det vedunderlege som har vore gøymt i mørke i alle hundreår til nå.

Dyrka og hata

Studiet av verdsrommet forvandla Galileos liv. Han vart utnemnd til øvste matematikar og filosof for storhertugen av Medici i 1610, og flytta til Firenze for å tre inn i posisjonen sin ved hoffet. Han vart dyrka som ein Columbus for oppdagingane sine. Men på æras tindar var han også utsett for fiendskap og mistanke. For i staden for som Columbus å ha opna opp for eit fjernt, heidensk land, trengde Galileo seg inn på heilag grunn.

Knapt hadde den første straumen av funn gjort folk i Europa stumme av forundring, før ei ny bølgje kom: han såg mørke flekkar krype utan stans over solas ansikt, og ”mor til kjærleiken” som han kalla Venus, såg han gå i syklar frå full til sigd slik månen gjorde.

Astronomi for folket

Alle observasjonane hans gav støtte til det upopulære, solsentrerte universet til Nikolaus Copernicus, som var blitt presentert over seksti år tidlegare, men bleikna av mangel på prov.

I blomstrande ordelag strødde han ideane sine ut – i blant i skrift med saftig humor, i blant høgrøysta under middagar og arrangerte debattar. Han flytta den nye astronomien frå latinsalane på universiteta ut i det offentlege rommet. I 1616 fekk han reprimande frå ein pave og ein inkvisitor og kardinal, som åtvara han mot fleire plyndringstokt i dei høgare sfærer.

Bruno vart brent

Det han såg, gjorde han alt sikrare på at Copernikus hadde rett: Sola stod stille og var sentrum. Jorda vandra rundt henne. Men den katolske kyrkja hevda med handa på Bibelen at Gud meinte motsett. Og den som sa seg usamd med Guds fortolkarar risikerte livet. Munken Giordano Bruno vart brent i år 1600 fordi han meinte det same som Copernikus.

- Eg trur at gode filosofar flyg åleine, som ørner, ikkje i flokk som stæren. Det er sant at fordi ørner er sjeldne fuglar er dei lite sett og mindre høyrd, medan fuglar som flyg som stæren fyller himmelen med skrik og skvatter, og der dei slår seg ned skitnar dei til.


Bad for han

Var det vanskeleg for Maria Celeste å ha ein far som potensielt var den største fienden den katolske kyrkja hadde hatt sidan Martin Luther?
Men han retta ikkje teleskopet mot universet i eit åtak på kyrkja og Guds allmakt.

Galileos overtyding var at Gud hadde gjeve menneska dei heilage skriftene for å rettleie dei åndeleg, men baud fram utforskinga av universet som ei intellektuell utfordring. Maria Celeste godtok dette, og forstod kva evner han hadde i så måte. Ho bad for helsa hans, for at han skulle få eit langt liv. I klosterapoteket miksa ho eliksirar og piller for å styrkje han for oppgava og verne han mot epidemiane som igjen og igjen herja Europa.

Tragedie og mysterium

Dava Sobel går så langt som til å seia at breva frå Marie Celeste - gjennomstrøymde av tillit til at han ikkje var ein forderva kjettar – bar han gjennom påkjenningane i konfrontasjonen med pave Urban den 8. og inkvisisjonen i 1633. Ho skriv at forholdet dei i mellom er ei kjærleikssoge, ei tragedie og eit mysterium.
Når nettet virkeleg strammar seg til rundt Galileo i 1633, skriv Maria Celeste til han i inkvisisjonens Roma:

- Kjæraste herre far, eg ynskte å skrive til deg nå for å fortelja deg at eg deler pina og sutene dine, for slik å gjera dei lettare for deg å bera: eg har ikkje sagt eit ord om desse vanskane til andre, eg held dei dårlege nyhenda for meg sjølv, og snakkar berre om det du er glad og tilfreds over.

Kandisert sitron og urter

Dei fleste breva frå Maria Celeste til faren reiste i lomma til ein bodberar, eller i ei korg med vasketøy, søtsaker eller urtemedisin, den korte turen frå klosteret San Matteo i dalsida like sør for Firenze, til Galileo i byen eller i forstadshuset.

Men da paven bryskt innkalla han til Roma i 1632, vart breva frakta på hesteryggen over 250 kilometer og vart ofte seinka av karantener fordi pest spreidde død og frykt i Italia. Men kvar side er fylt av daglegliv, ned til tannpine og lukta av eddik, skriv Dava Sobel.

- Eg sender tilbake resten av skjortene dine som vi har sydd, og lærforkleet ditt også, som eg har reparert best eg kunne.

Ny bestseljar

Det er forfattaren Dava Sobel som nå gjer verda kjend med Galileos dotter Maria Celeste – enkelte kjenner Sobel som forfattaren av bestseljaren Lengdegrad, boka om engelskmannen som løyste problemet med å bestemme lengdegraden til sjøs. Ho har også fått svært god kritikk for denne boka. Cappelen forlag gjev ut Galileos Daughter i mai 2001.

Dava Sobel seier at Galileo var datidas Carl Sagan, og han skreiv på italiensk, ikkje på latin, det var kanskje det mest revolusjonære og farlege han gjorde. Kyrkja vart mistenksam – det ville vore til mindre bekymmer dersom han hadde halde seg til kommunikasjon med dei lærde. Men kven visste kva som ville skje når desse ideane pipla ut til folk flest?

Paven nedtonar

Sobel seier at vi har ein tendens til å meine at vitskapsmenn og -kvinner har vald vitskapen i staden for å gå i kyrkja. Og ho siterer Pave Johannes Paul den 2. da han i 1992 kommenterte Galileo-saka: han sa at Galileo var blitt eit symbol for at det er ein grunnleggjande motsetnad mellom tru og vitskap. Pave Johannes Paul prøvde nedtone denne splittinga som namnet Galileo inneber, og sa:

- Ei tragisk, gjensidig manglande evne til å forstå er blitt tolka som eit bilde på grunnleggjande motsetnad mellom vitskap og tru.

Dava Sobel meiner også at det nære forholdet mellom far og dotter viser at dei deler både trua på Gud og synet på vitskap.

Dagens fundamentalistar

Sjølvsagt vart Galileo hindra i å arbeide med visse spørsmål av kyrkja – men vi er ikkje lenger i den situasjonen, seier Sobel. Men tek seg i det: For da ho kom ut av fem år med Italia på 1700-talet, oppdaga ho at skolepolitikarane i Kansas hadde bestemt at lærarane ikkje lenger trong undervise i utviklingslæra og big bang-teorien om kosmos.

Det virkelege problemet var at mange meinte Galileos oppfatning om at universet var solsentrert motsa Bibelen. Medan han sa at nei, det motseier ikkje Bibelen, det er berre at de ikkje har forstått Bibelen! Og det tålte ikkje fiendane hans.

Ugift far til tre

Galileo Galilei hadde tre barn, døtrene Virginia og Livia, som var døypenamna deira, og sonen Vinzencio, alle med Marina Gamba frå Venezia. Men han gifta seg aldri med henne. Det var vanleg at lærde menn ikkje gifta seg, dessutan kom Marina Gamba frå ein familie som stod lågare på rangstigen.

Alle barna flytta til han når dei var over småbarnalderen – og medan sonen framleis budde hos mora, i 1610, gifta Marina Gamba seg med ein heiderleg mann nærare hennar stand, som Galileo fann ei god stilling til hos ein rik ven i Padova. To år seinare, da sonen var sju, tok Galileo sonen til seg i Firenze. Marina Gamba døydde i 1619, og det kan vera ein grunn til at Maria Celeste ikkje nemner henne i breva til faren.

Ei årsak til at han sette han båe døtrene i kloster frå dei var 13 kunne vera at dei var fødde utanfor ekteskap, noko som gjorde det vanskeleg for dei å finne ektemenn innan si eiga sosial klasse. Dessutan var det uhyre vanleg at døtre vart plasserte i kloster – berre i Firenze-regionen var det 53 nonnekloster.

Eit eige rom

Det var ein streng orden Maria Celeste og systera med nonnenamnet Arcangela gjekk inn i: Dei var klarisserinner – i Klara-ordenen, ei mednonne av dei skildra livet deira slik: lite og enkel mat, grove klær, berrføtte på steingolvet, eit liv i hardt arbeid og bøn.

Dei fleste sov på ein stor sovesal, men familiar med pengar kunne kjøpe rom til døtrene. Maria Celeste delte rom med systera Livia, som nonne kalla Arcangela. Systera var sky og spesiell.

Ei anna nonne var utnemnd til å ”rettleie dei i heilagt levevis og høveleg framferd”, men ho var ei plage for dei båe, ho var personleg forstyrra og plapra i det evindelege. For å skjerme systera frå denne nonna let Maria Celeste Arcangela få rommet åleine og sjølv flytta ho inn på ein sovesal. Ho skriv til faren:

- Som eit resultat har eg nå kvar kveld selskap av denne nonna, og om dagane er eg som ein pilgrim. Eg har ikkje ein einaste plass eg kan trekkje meg attende og vera for meg sjølv ein times tid. Eg higar ikkje etter store eller vakre rom, berre etter eit lite rom – som det vesle rommet som nettopp er blitt ledig fordi ei nonne desperat treng pengar og ynskjer å selja det.

Men prisen er 35 scudi, og eg har berre femten, og eg fryktar at eg mistar rommet dersom du ikkje kan hjelpe meg med dei tjue eg manglar.

Og fordi du elskar meg slik eg veit du gjer og ynskjer eg skal vera lykkeleg, kan du lett forstå korleis dette vil gje meg den største glede, av eit sømeleg og ærleg slag, for alt eg ynskjer er litt ro og einsemd.

Eg trur ikkje du vil svikte meg, Far, men gjera meg denne store, barmhjertige tenesta, som eg ber deg om i Guds namn, eg reknar nå meg sjølv blant dei mest trengjande armingar som er stengt inne i fengsel, og ikkje berre i naud, men også skamfull, for eg ville ikkje våge å snakke så direkte om sorgene mine ansikt til ansikt.

Elska hagearbeid

Maria Celeste fekk pengane frå faren. Han var ein god familiefar, og støtta både brødre og søstre og deira barn i lange perioder.

Sobel gjev eit levande bilde av Galileo: denne blandinga av å ha hovudet der ute blant stjernene, og så ta på seg lærforkleet sitt og arbeide i hagen, eller på reisene sine kjøpe metervis med silkestoff, fløyel og damask til kvinnene i familien.

Mygg på leggen og under lupa

Sobel meiner vi har eit forenkla og karikert bilde av dei som driv med vitskap, sjølv om dei har sine sider: ho fortel om ein venn av seg som er insektforskar:

- Han mata myggen ved å stikke handa ned i buret til dei – men det tok tid, så han laga eit lite matingsbur som han festa på leggen når dei skulle forast.

Også Galileo gjorde ein sving innom insektstudier: For etter dei sterke åtvaringane han fekk i 1616 heldt han seg borte frå det solsentrerte universet. Han utvikla eit mikroskop og rapporterte:

- Eg har observert mange små dyr med stor beundring. Fluga er frykteleg, møllen og myggen er svært vakre.

Lengdegrad og poesi

Boka han hadde starta på om at vår vesle jord vandrar rundt sola, forma som ein dialog mellom tre venner, neglisjerer han så lenge at mange fryktar han aldri tar fatt på nytt. Og om ikkje Galileo, kven ville da stå fram for å korrigere menneskeslektas sjølvsentrerte syn på kosmos?

I sju år konsentrerte han seg om Jupiter-månene: kanskje kunne dei løyse problemet sjøfolk hadde med å bestemme lengdegraden til sjøs. Han studerte poesi og skreiv litteraturkritikk.

I farleg terreng

Men i 1623 vende Galileo attende til det solsentrerte universet som ein nattsvermar til flammen. Den nye paven, Urban den 8., var sterkt interessert i vitskap og oppdagingar. Galileo kjende Urban personleg. Med han som pave venta Galileo at det var blitt høgare under taket – og han gav ut Dialogen i 1832. Men med smertelege erfaringar.

Det er ikkje mange sukk over eigen lagnad å høyre frå Maria Celeste, sjølv om det er tydeleg at ho ofte er i dårleg form, er sliten, tennene skrantar: ho trekkjer sjølv ein jeksel.

Men det året ho fyller tretti skriv ho:

- Eg lengtar etter å gå inn i det neste livet, for kvar dag ser eg meir tydeleg fåfengda og elendet i dette livet: i døden ville eg ikkje lenger skuffe den velsigna Gud, og eg ville vone å kunne be enda meir effektivt for deg, kjære far.

Tok gjerne straffa

Etter at han i 1633 er dømt av inkvisisjonen til husarrrest og til å framseia sju salmer kvar veke i tre år, skriv Maria Celeste til han:

- Eg vil ta meg av å framseia salmene, eg er alt i gang. Og dersom eg kunne ta på meg resten av straffa di, valde eg gjerne eit fengsel enda strengare enn dette som eg bur i, om eg ved det kunne setja deg fri.

Maria Celeste døydde av dysenteri i 1634, 33 år gamal. For Galileo var det eit enormt tap.
Han levde da i husarrest på livstid i Arcetri nær Firenze, og fylte 70 det året.

- Eg er enormt trist og melankolsk. Eg orkar ikkje mat. Eg mislikar meg sjølv, og eg høyrer i eitt at mi høgt elska dotter ropar til meg.

Men han kom seg på føter, og skreiv nok ei bok med tittelen To nye vitskapar – men der heldt han seg langt unna stjerner og planetar.

Fornekta Copernikus

Han måtte mange gonger fornekte det kopernikanske verdssystement, i 1641, nestsiste året han levde, frykta han å bli utestengt frå kyrkja, og skreiv følgjande:

- At det kopernikanske systemet er falskt må ein ikkje under noko omstende tvile på, og særleg må ikkje vi katolikkar vera i tvil om det. For vi får den ugjendrivelege autoriteten til den heilage skrifta fortolka av dei største innan teologien, og deira semje gjer oss sikre på at jorda står stille og at sola går rundt jorda.

Galileos brev borte

Maria Celeste skriv at ho samlar på alle Galileos brev, fordi det gjev henne stor glede å lesa dei om igjen. Men klosteret måtte ha oppdaga breva etter at Maria Celeste døydde, og ikkje våga anna enn å brenne dei - etter den vidgjetne rettssaka i Roma tok ikkje klosteret risikoen ved å sitja med skriftene til ein mistenkt for kjetteri.

Langfingeren finst

Mykje av det Galileo Galilei sette på papir er tapt: kommentarar, skodespel, dikt, førelesingar – noko vi veit fordi dei er nemnde i brev han skreiv. Men vi har fem av dei viktigaste bøkene hans, to av hans eigne handlaga teleskop, portrett og byster av han. Det finst til og med ein bit av kroppen hans: Langfingeren på høgrehanda hans kviler i eit forgylt glasegg på ein marmorpidestall i Naturvitskapsmuseet i Firenze.

Etter Maria Celeste finst berre breva hennar. Innbundne i eit bind med papp og læromslag ligg dei frynsete arka blant dei mest verdsette manuskripta i Nasjonalbiblioteket i Firenze. Handskrifta er leseleg framleis, sjølv om blekket, ein gong svart, nå er brunt. I nokre av breva har Galileo skrive kommentarar i margen, til noko ho skriv, eller utrekningar og geometriske diagram.

Maria Celeste er nær han

I 1737, etter at det var blitt gitt løyve om å flytte Galileo frå hans første gravkammer og til marmorsarkofagen i det nye monumentet som endeleg vart reist over han, samla ein flokk geistlege og sivile seg med faklar i Santa Croce-kyrkja i Firenze. Dei fann først kista til Galileos assistent dei siste åra,Vincenzio Viviani, som hadde arbeidd iherdig for å opprette eit monument over onkelen, men som ikkje hadde nådd fram. I testamentet sitt bad han om å dele gravkammer med Galileo. Men dei fann ikkje berre ei kiste til, men to. I den eine låg beina etter ein gamal mann – i den andre levningane av ei ung kvinne.
Dei bar båe kistene til mausoleet, og plasserte Maria Celeste ved sida av faren.
Sjølv nå finst ingen inskripsjon som fortel at Galileos mykje besøkte grav i Santa Croce også husar Maria Celeste.
Men som Dava Sobel skriv: ho er der framleis.

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 21. januar 2001
Reprise 27. og 31. mai 2001


LENKER
  • Maria Celeste 
  • Maria Celestes brev til Galileo 


  •  
     
    SØK

    Banner Helge Ingstad 140
    Banner portrett 1800 140
    Banner portrett 1900 140
    10 SISTE PORTRETT
    05.09.2001 11:03
    Egil Ulateig
    31.08.2001 12:40
    Alfred Nobel

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   22.12.2008 04:24