skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Drømmen om Norge 3_1_banner NY
Her er du: NRK.no > Programmer > TV-arkiv > Drømmen om Norge Sist oppdatert 11:40
Nettansvarlig:

 
Edvard Hoem om:

Strid om Nordahl Grieg

Det var strid om Nordahl Grieg alt før han drog til Moskva i 1932 og blei kommunist (på biletet saman med Stalin). Men Griegs forsvar av Stalin gjorde det ikkje enklare.

Publisert 20.12.2004 11:51. Oppdatert 03.06.2008 13:26.
SE OGSÅ:

- Nordahl Grieg er ein av dei mest omstridde personane i norsk offentleg liv i første halvdel av det tjuande hundreåret. Han er frå Bergen, fødd i 1902 og vaks opp på Hop utanfor Bergen.

Han drog til sjøs som nittenåring med ei frakteskute, og debuterte året etter med romanen "Skibet gaar videre" då han var berre 20 år. Så gav han ut to diktsamlingar, han debuterte som dramatikar og han skreiv ei essaysamling.

Men for det store publikummet var han kjend for "Norge i våre hjerter", ei diktsamling som kom i 1929 og fekk stort nedslag. Det var landskapsbilete og skildringar frå ulike kantar av Noreg, og vidgjetne dikt som har blitt ståande i norsk historie for alltid. Nordahl Grieg var ein folkekjær diktar.

Men slett ikkje alle likte det han dreiv på med. På den radikale fløya meinte dei at han var ein nasjonalist, og at dei politiske sympatiane hans gjekk meir i retning av Fedrelandslaget, som var ein sterkt konservativ organisasjon. Etter mi meining er det ikkje dekning for dette. Men vi må hugse at frontane stod sterkt mot kvarandre, og at 17. mai-feiring og flagg og nasjonalisme hadde svært låg kurs innanfor den sosialistiske rørsla.

Nordahl Grieg i Moskva


Så i 1932 drog han til Moskva. Det offisielle ærendet var å studere det russiske teateret, som på den tida var det mest avantgardistiske i verda. Men det var nok meir samansett enn som så. Han ville undersøkje det sovjetiske systemet, fordi han var sterkt oppteken av at han såg at den politiske situasjonen i Europa var svært usikker og uhyggeleg. Han etterlyste ei framtidsvon, ein slags draum om ei betre verd. Og då han kom dit, blei han sterkt oppteken av det politiske livet han møtte i Moskva.

Nordahl Grieg fann ei framtidsvon om ei betre verd i Moskva. Øystein Røger spelar Nordahl Grieg.
Nordahl Grieg hadde eit stort problem. Han lærte seg aldri russisk, og blir prisgitt informantane sine, som er russiske intellektuelle. På den måten blir det vanskeleg for han å stille kritiske spørsmål, ser det ut som.

Og så får han seg etter kvart ei veninne, for ikkje å seie ei elskarinne - Vera Linde. Ho er ivrig med i kommunistpartiet, og snakkar naturleg nok mykje med han om den politiske situasjonen. Men han blir til sjuande og sist berre del av den store utanlandske kolonien av intellektuelle som lever og festar i Moskva tidleg på 30-talet.

Entusiasme og framtidstru


På dette tidspunktet er det ein sterk strid i heile det sovjetiske samfunnet. Men på utsida er det samstundes ein sterk driv. Det er modernisering, det er reportasjar om industriutvikling, det er store teaterframsyningar, det er Bolsjoiballetten, og det er eit samfunn som utfaldar ein vitalitet, ei kraft, og ei framtidstru som Nordahl Grieg blir fullstendig forgapt av.

Han får vener og kollegaer som gjer at han opparbeider ein sterk entusiasme for det sovjetiske systemet, slik at då han vender heim to og eit halvt år seinare, er han blitt til ein overtydd kommunist.

Men det han ikkje ser, er at utviklinga har ein veldig stor pris. Då han kjem til Moskva har ikkje terroren teke til for alvor, men det er sterke rivningar mellom partiet og storbøndene som held tilbake matleveransar.

Dermed kjem Nordahl Grieg tilbake til Noreg i 1934 som ein mann som forsvarar Moskva-prosessane som etter kvart også tek livet av svært mange kjende menn i det politiske apparatet. Sentrale politikarar som Bukharin, Rhukov, Kamenjev, Sinovjev og så vidare.

Og det tragiske utfallet av det heile, er jo at dei næraste venene hans i Moskva i denne perioden også blir offer for den stalinistiske terroren. Det gjeld venen Boris Pilmjok, som var forfattar, og som blei skoten som fiende av partiet. Og det gjaldt også veninna hans, Vera Linde, som trass partilojaliteten sin fekk 20 års fengsel og fem års forvising. Men dette veit han til alt hell ikkje om, og Nordahl Grieg forkastar aldri kommunismen.

"Vår ære og vår makt"


Den Nordahl Grieg som kjem tilbake til Noreg i 1934 har berre eitt mål: Han skal bruke teateret som ein reiskap i den politiske kampen for ei betre verd. Det er no oppdraget og det einaste ønskjet hans.

Han skriv stykka "Vår ære og vår makt" og "Nederlaget" i rask rekkefølgje. Der prøver han å setje ut i livet den teaterlærdommen han har fått i Moskva. Han brukar nye teknikkar, og prøver å bryte med det ibsenske titteskapsteateret, og brukar montasjeteknikkar og moderne teaterteknikkar som skal gjere han i stand til å fortelje moderne historier på ein betre måte.

I "Vår ære og vår makt" tek han for seg skipsreiarstanden i Bergen og handlingane deira under 1. verdskrigen, kynismen i reiarstanden og motsetnaden mellom dei og sjøfolka. Og det skapar naturleg nok eit svært rabalder i byen.

Det er ein liten scene der, som for så vidt karakteriserer heile stykket. Vi møter først reiarane i Bergen, som sit og tømer champagnen i strie straumar oppi bollen, medan dei ropar øs, øs. Og like etterpå ser vi sjøfolka ute på havet når torpedoen har nådd skuta, når dei øser for harde livet for å kome seg i land og unngå å drukne. Det er klart at dette opprørte den bergenske reiarstanden, som ikkje ville sjå det på sitt teater.

Dette stykket blir innkjøpt av teatersjef Hans Jakob Nilsen, som seinare skulle bli ein god ven av Grieg. Og då prøvane kjem i gang, skaper det stor furore. Styret ved Den Nationale Scene, der kjende personar i det dåverande bergenske bylivet som skipsreiar Engelsen og Håkon Amlen sit, bestemmer seg for at dette kan dei ikkje ha noko av.

Prøver å stanse stykket


Dei seier til teatersjefen at dei har rett til å gripe inn i repertoarplanane på fastsette vilkår. Og Hans Jakob Nilsen blir sett litt ut av dette, slik at han rett og slett stansar prøvane i to dagar, for å tenkje seg om. For kva skal han gjere når han får styret imot seg?

Nordahl Grieg skifta stil frå dandy til meir folkeleg kommunist.
Nordahl Grieg blir rasande. Og det utviklar seg ein stor diskusjon i Bergen, og rykta går om alle slags mogelege ting. Det blir sagt at stykket er så obskønt, at det er derfor dei vil stanse det, medan andre seier rett og slett at det er så øydeleggjande på heile vår moral og vårt samfunnssystem at dette kan vi ikkje akseptere.

Men så blir stykket kjøpt inn av Nationaltheateret usett. Og enden på visa er at aldri har eit teaterstykke her i landet fått større førehandsreklame. Eg trur det gjekk omtrent 50 gonger for fulle hus våren 1934 og utover hausten.

Og forfattaren blei ein veldig kjend mann i landet, om han ikkje var det frå før. Men det var ikkje alle som var like glad i han, for Nordahl Grieg hadde no skifta stil. Denne dandyen i lyse dressar frå det tidlege 30-talet, han framstår no plutseleg som ein meir folkeleg, skjeggete type, med islendar eller dongeri eller kva han hadde.

Han gjekk til og med så langt at han møtte i vanleg dress på ein premiere i Oslo, noko som var heilt uhøyrt, for alle visste at ved slike høve bør ein helst iføre seg smoking. Men han demonstrerer at han har forlate den gamle, borgarlege kultursfæren og slutta seg til det som for han er ein internasjonal hær av åndsarbeidarar som skal støtte sosialismen og kjempe mot fascismen i Europa, som no dundrar fram på alle kantar.


 
Hundreårsmarkeringen
MER OM NORGE 2005

Intervjuene

Se alle intervjuene med fagekspertene.

For skolene

Oppgaver fra Drømmen om Norge til bruk i skolen. ALLE PROGRAMMENE HVEM ER HVEM
10 SISTE DRØMMEN OM NORGE
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no